Hopp til innhold

Blir ikkje kritisert av legeforeininga

Legeforeininga vil ikkje kritisere Helse Førde-lege Rune Larsen, som har gått hard ut mot kollegaer på Nordfjordeid etter ei dødsulykke.

Rune Larsen

FÅR IKKJE REFS: Overlege Rune Larsen får ingen kritikk av legeforeininga for utsegna på ein nettdebatt mot kollegaer etter ei dødsulykke tidlegare i år.

Foto: NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Leiar i Sogn og Fjordane Legeforeining, Tom Guldhav, er lite glad for at slike saker hamnar i media, men vil likevel ikkje følge opp saka.

– Det er ikkje heldig at slike saker blir handtert i media, dei bør i utgangspunktet takast opp internt, seier Guldhav.

Kritiserte medtilsette

Larsen er overlege og tilsetterepresentant i Helse Førde og har gått hardt ut i ein nettdebatt med kritikk mot kollegaer ved Nordfjord sjukehus .

Han kritiserter legane på Eid for ikkje å ha rykt ut til ei trafikkulykke der to ungdommar mista livet. Larsen skreiv mellom anna:

«De mest kompetente satt på sykehuset og ventet i lang tid før pasienten kom inn, på tross av at gjeldende instrukser helt klart sier at ved en slik ulykke skal det rykke ut et team fra sykehuset.»

Rune Larsen, overlege og tilsetterepresentant i Helse Førde

Legane som var på vakt på sjukehuset i Nordfjord meiner på deira side at det var Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde som gav beskjed om at legane skulle bli verande på sjukehuset .

Utspela har skapt raseri

Utspela frå Larsen har skapt raseri hos tilsette ved sjukehuset. Overlege Mads Petterson ved Nordfjord sjukehus meiner denne type kritikk av medtilsette ikkje har noko på ei offentleg nettside å gjere og har bede legeforeinga om ta affære.

Men Sogn og Fjordane Legeforeining vil ikkje kritisere Larsen for det han har gjort.

– Vi har eit etisk råd der medlemmene kan sende inn saker, som vil vurdere slike problemstillingar. I tillegg tenker eg at dette er ei sak som ein i første omgang bør ta i det interne systemet i Helse Førde, seier Guldhav til NRK.no.

Både Rune Larsen og Helse Førde har fått høve til å gje kommentar, men ingen av dei vil uttale seg om saka.