Hopp til innhold

Vil ikkje kontakte pasientar

Helse Førde har per i dag ingen oversikt over kor mange pasientar som vart behandla av den danske kirurgen Michael Scavenius.

Hans Johan Breidablik

INGEN GRUNN: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, ser ikkje grunn til å gjennomgå pasienthistorikken til kirurgen Michael Scavenius.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

NRK fortalde onsdag om fleire pasientar som slit med store smerter etter at dei vart operert av kirurgen som var tilsett ved sjukehuset frå 2008 til 2009.

– Helse Førde må sjå at dei har gjort ein feil og hatt denne legen inn for dørene. Dei bør forfølgje dette og finne alle pasientar som ikkje har fått den gode behandlinga som dei skulle hatt, meiner Else Tystad.

Har ikkje fått oppdrag

Ho er ein av dei ti pasientane som NRK har snakka med i saka. Tre pasientar har klaga til Helsetilsynet og fått avslagt. Åtte har søkt om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning. Ein har fått.

Både pasientombodet og pasientar krev full gjennomgang . Sjølv om Helse Førde vil følgje opp saka, ser ikkje fagdirektør Hans Johan Breidablik det som aktuelt å gjennomgå heile pasienthistorikken til den danske legen.

– Han arbeidde jo her ein periode, og det vil vere eit svært stort tal han har behandla. Men vi har ikkje fått noko oppdrag å telje kor mange han har behandla, seier han.

Ikkje urovekkande

Fagdirektøren meiner dei tre sakene som Helsetilsynet har behandla - og avvist - ikkje er urovekkande mange.

– Eg trur det er veldig viktig i alle slike samanhengar å forstå at kirurgisk verksemd ikkje fører til det ynskte resultatet, seier Breidablik.

– Kva gjer de vidare?

– Eg vil sjå om det kjem nokre henvendelser. Det er trass alt ganske langt tilbake i tid og vi driv med dei henvendelser som er komne inn. Det gjeld mange område og er ikkje knytt til berre ein og ein kirurg.

Michael Scavenius ønskjer ikkje å la seg intervjue av NRK.