Hopp til innhold

Koomson ferdig i Sogndal

– Slik som det ser ut no, kjem me ikkje til å bruke opsjonen, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Gilbert Koomson

STORTALENT: Nittenårige Gilbert Koomson vart spådd ein lysande karriere då han fyrst vart lånt ut til Sogndal

Foto: Rune Sjøberg

Nittenårige Gilbert Koomson vart spådd ein lysande karriere i Sogndal då han kom på lån frå thailandske Tero Sasana. No er framtida uviss.

– Me har ein opsjon me kan nytte oss av fram til 31. desember, men slik som det ser ut no kjem me ikkje til å bruke nokon opsjon. Inntil vidare får ikkje Gilbert føringar frå oss, seier Flo.

Lite speletid

Håvard Flo

SPORTSLEG LEIAR: Håvard Flo seier dei ikkje vil nytte seg av retten til å kjøpe Gilbert Koomson.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Koomson har vore lånt ut til Sogndal sidan i august i år. Midtbanespelaren som vert rekna som eitt av Søraust-Asia sine største talent , har berre fått 257 minutt fordelt på sju kampar i Sogndals-drakta.

– Gilbert har fått lite speletid hos oss i haust. På bakgrunn av det har me gjeve Gilbert moglegheit til å få eit prøveopphald med Molde, då dei har vist interesse for han, seier Flo.

Agenten til Koomson, Kent Haugland, vil ikkje seie om Molde er interesserte i Koomson på dette tidspunktet, men kan stadfeste at han trener saman med Molde.

Vil aller helst bli i Noreg

Haugland fortel at Koomson har fire førespurnader på noverande tidspunkt.

– Han er stjerne i Thailand, og klubben som han har vore i der vil gjerne ha han tilbake, seier Haugland.

Klubbar i Sverige og Belgia har også vist interesse for Koomson, men Haugland fortel at Koomson aller helst vil vere i Noreg.

– Gilbert vil gjerne halde fram i Sogndal. Han stortrivst i Sogndal, fortel Haugland.

– Han er eit stort og unikt talent med mange talent som passar inn i Tippeligaen. Han er berre 19 år. Ingenting er stadfesta enno, men me vonar han får bli i Noreg, avsluttar agenten.