Hopp til innhold

Vil ikkje kaste Øberg og Mowatt

Lokallagsleiarane til Arbeiderpartiet i Sogndal og Hyllestad tek kraftig avstand frå forslaget om å ekskludere Clara Øberg og Harry Mowatt.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

Eid Ap vil kaste Clara Øberg og Harry Mowatt ut av Arbeidarpartiet. Det forslaget tek andre Ap-politikarar kraftig avstand frå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eid Arbeiderparti meiner dei to som styremedlemmer i Helse Førde ikkje tek politiske signal og motarbeider partivedtak, og vil ha dei ekskluderte frå partiet.

Heller ikkje leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, Nils P Støyva, ser nokon grunn til å kaste Øberg og Mowatt ut av partiet slik lokallaget i Eid ynskjer.

Støyva seier til Firda at han har fått mange reaksjonar etter eksklusjonsforslaget, og at det er heller få som støttar det.