Hopp til innhold

Store protestar frå Austlandet - korkje Buskerud eller Oppland vil godta brøytekutt

Forslaget om å vinterstenge Aurland-Hol og Årdal-Tyin for å spare pengar blir motteke med vantru på austsida av fjella.

Protesterer på brøytekutt

LIKAR DÅRLEG: Oppe f.v. fylkesordførar i Buskerud, Morten Eriksrød, ordførar i Vang, Vidar Eltun og nedst ordførar i Hol, Tony Arild Kjøl, likar dårleg forslaga om å vinterstengje Aurland-Hol og Årdal-Tyin.

Foto: Gunnar Grimstveit/Knut Brendhage/Sigrid Havik Berg / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune får vel 230 millionar kroner mindre i inntekter om fem år på grunn av eit forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Det kan føre til at Sogn og Fjordane må spare 230 millionar kroner, og vinterstenging av fjellovergangar er blant tiltaka som vert vurdert.

Men korkje Buskerud eller Oppland vil godta at viktige gjennomfartsvegar blir stengde.

– Vi håpar at politikarane i Sogn og Fjordane er såpass medvitne at dei ikkje finn på noko tull med fylkesvegen. For oss er fylkesveg 50 svært viktig, understrekar Hol-ordførar Tony Arild Kjøl.

Fryktar for delar av kommunen

Kjøl nektar å sitje stille i Hallingdal. Han vil ikkje godta at Sogn og Fjordane i det heile tatt vurderer å vinterstengje to fjellovergangar.

– Eg er redd for at ei stenging av fylkesveg 50 vil bety at vi legg ein del av kommunen vår aude, seier Kjøl.

Men vintervedlikehaldet av fylkesveg 50 Aurland Hol og fylkesveg 53 Årdal Tyin står på ei mogleg kuttliste.

Regjeringa vil endre inntektsmodellen til fylkeskommunane, og Sogn og Fjordane ligg an til å få 230 millionar kroner mindre å rutte med dei neste fem åra. Då må ein snu alle steinar, seier Arnstein Menes som leiar hovudutval for samferdsle.

– No går vi inn i ein ganske tøff prosess der vi mellom annan skal diskutere stenging av desse fjellovergangane, seier Menes.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ein av hovudvegane mellom aust- og vestlandet kan bli vinterstengd i framtida. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane må spare pengar, og to fjellovergangar står på ei mogleg kuttliste - blant dei fylkesveg 50 Aurland - Hol...

Er i dialog med nabofylka

Han er klar på at ei stenging av fjellovergangane vil få store konsekvensar for reisande og næringsdrivande i området.

– Vi må i dialog med både Oppland og Buskerud fylkeskommune for å sjå på kva konsekvensar dette gir for dei som brukar vegen dagleg, seier Menes.

Og langs fylkesveg 50 frå Aurland til Hol er meldingane frå brukarane klare. Eco Energi, tidlegare Oslo Lysverker som i si tid bygde vegen og gav den til staten, er avhengige av transportåra, seier informasjonssjef Per Storm-Mathisen.

– Vi brukar vegen får å nå våre anlegg i Aurland. Men vegen har også ei regional brukarinteresse. Vi brukar den som transport mellom anlegga i Aurland på vestsida og Hallingdal på austsida, seier Storm-Mathisen.

Han fryktar konsekvensane av ei eventuell vinterstenging.

– Viss vegen vert stengd, vert reisevegen mellom Aurland og Hol forlenga med halvannan time, seier Storm-Mathisen.

Meiner vinterstenging er uaktuelt

I Drammen har fylkesordføraren i Buskerud, Morten Eriksrød (H), forståing for at nabofylket i vest må spare pengar. Men å stenge ein av hovudvegane Aust-Vest, er uaktuelt.

– Eg vil understreke at eg har stor respekt for den store utfordringa som Sogn og Fjordane har for å finne ut korleis dei skal møte dei sterkt reduserte overføringane, seier Eriksrød.

Han forstår at alle steinar vert snudde i Sogn og Fjordane, men vil ikkje at vegen mellom aust og vest skal vinterstengjast.

– Det er uaktuelt å stengje denne viktige krysninga. Vi har gjort store investeringar, og vi er ser på denne vegen som viktig også framover, gjerne med større trafikk, seier Eriksrød.

Oppe på fjellet driv Inge Olai Sønnerheim Østerbø Turisthytte.

– Eg er nøydd til å vere her på ein del tilsyn, samt gjere ein del vedlikehaldsarbeid vinterstid. Å stengje vegen for trafikk er heilt uaktuelt, seier Sønnerheim.

Meiner det er problematisk

I Vang Valdres fryktar ordførar Vidar Eltun på si side konsekvensane om fylkesveg 53 Årdal-Tyin skulle bli stengt.

– Eg ser på det å stengje Årdal-Tyin som eit håplaust forslag. Den vegen er jo så viktig både for Vang og Valdres mot indre Sogn, så eg håpar verkeleg at dette ikkje vert ein realitet, seier Eltun.

Vang-ordføraren får støtte frå leiaren i samferdslekomiteen i Oppland, Reidun Gravdahl (Ap).

– Det vil vere problematisk. Dette er ein veg vi har saman. Vi har også eit forskingsprosjekt der oppe der vi sprengjer ut snøfonner for å unngå snøskred, slik at vi klarar å halde vegen open om vinteren, seier Gravdahl.

Meiner dei manglar perspektiv

Ho forstår behovet Sogn og Fjordane har for å spare pengar.

– Alle ønskjer å spare pengar, men eg trur nok at vi heller ville sjå på andre ting enn akkurat dei vinteropne vegane aust-vest. Det er viktig for oss å få fram den transporten, seier Gravdahl.

Så spørst det om sparetvungne fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane lyttar til rådet frå Inge Olai Sønnerheim på Østerbø Turisthytte.

– Dei må jo ta omsyn til kva som er realitetane. Dei manglar litt perspektiv på kva dei driv med, seier Sønnerheim.