NRK Meny
Normal

Vil ikkje ha Via Ferrata i Hornelen

Leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag har lite til overs for planane om å byggje ein Via Ferrata til topps på Hornelen i Bremanger.

Marino Ask

– DÅRLEG IDÉ: Leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag vender tommelen ned for planane om Via ferrata i Hornelen.

Foto: Privat

Han meiner dette er eit verdival.

– Ynskjer vi eit slikt inngrep i det som må kallast eit landskapsikon? Eller skal Hornelen som er Nord-Europas høgste sjøklippe få vere som han er i dag? Frå oss i turlaget sin synsstad er ikkje dette ein veldig god idé.

I går lanserte Fjordkysten AS planane om å lage ein klatresti av same typen som er bygd i Loen.

Via Ferrata til Hornelen

HER SKAL RUTA GÅ: Den raude streken syner kvar initiativtakarane vil ha klatrestien til topps på Hornelen.

Foto: Visit FjordKysten AS

På linje med Storen og Stetind

Klatrestien i Loen er blitt veldig populær og har ikkje vore særleg omstridd. Men når tilsvarande planar blir lagde fram for den 860 meter høge Hornelen fell det ikkje i god jord hjå turlagsleiar Ask.

– Hornelen er eit ikonfjell på linje med Store Skagastølstind, nasjonalfjellet Stetind og Preikestolen. Du går ikkje inn og lagar Via Ferrata i slike fjell. Vi har eit ansvar for å ta vare på desse mest verdfulle landskapsikona. Dette er eit tiltak som ikkje treff i det heile, meiner eg.

– Men ein slik klatresti vil knapt vere synleg på litt avstand?

– På avstand vil nok ikkje boltar, vaierar og tilrettelegging vere synlege. Men likevel, det er eit inngrep. Det å klatre er ein kunnskap og ein kunst, og det er ikkje noko som hindrar folk i å ta seg til topps på Hornelen på den tradisjonelle måten.

– Noko heilagt og verdfullt

Ask meiner auka trafikk vil redusere verdien til Hornelen.

– I dag er det 2000 i året som tek turen til topps. Keipen Turlag gjer ein god jobb med å legge til rette for ruta som er der i dag, og det er tilstrekkeleg til at folk kan få oppleve naturen. Men det vi her snakkar om er eit inngrep og noko heilt anna.

– Eg trur at framtidige generasjonar vil sjå på det med andre auge. Det at noko er heilagt og verdfullt som det er skapt av naturen er noko vi bør minne kvarandre på oppi alt som handlar om såkalla utvikling og utbygging.

Marino Ask meiner dei som ivrar for ein Via Ferrata på kysten bør finne ein annan stad enn Hornelen, han meiner det er nok av alternativ.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.