Hopp til innhold

Vil ikkje ha verkstadgodkjenning

Etter negative tilbakemeldingar frå lokal bilbransje leverer Måløy vidaregåande skule tilbake godkjenninga som bilverkstad. – Det heile er beklageleg og småleg, meiner Vegvesenet.

Bilverksted

VIL IKKJE LIKEVEL: Måløy vidaregåande skule fekk i fjor haust godkjenning som bilverkstad. Men av omsyn til samarbeidet med den lokale bilbransjen, vil dei no ikkje ha godkjenninga likevel.

Foto: Colourbox

Som den første skulen i Sogn og Fjordane fekk mekanikerlinja ved Måløy vidaregåande i haust kvalitetsstempelet som godkjent bilverkstad av Statens vegvesen.

Men dei opplevde raskt at den lokale bilbransjen sette seg på bakbeina, og no vil dei ikkje ha godkjenninga likevel.

– Vi opplever det som beklageleg at bransjen har gått mot skulen på denne måten, seier overingeniør Kristian André Sæbø i Statens vegvesen.

Bransjen sette seg på bakbeina

Det var i november i fjor at skulen jubla etter at dei hadde fått godkjent søknaden om godkjenning som bilverkstad. I ei pressemelding sa faglærar John Arve Tenden at dette var eit kvalitetsstempel for skulen og noko som ville vere med å heve kvaliteten på utdanninga.

Men enkelte i den lokale bilbransjen var langt frå like oppglødde. Skulen vart brått sett på som ein konkurrent, fortalde utviklingsleiar ved skulen, Åsta Navelsaker Røed til NRK.no den gong.

– Dei har kanskje misforstått og trudd at skulen skal satse meir på drift av verkstaden, men det er ikkje tanken til skulen, sa utviklingsleiaren i november.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Andre Sæbø

SMÅLEG: Kristian André Sæbø i Statens vegvesen likar dårleg at bransjen har gått mot skulen etter at dei fekk godkjenning som bilverkstad.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Storm i eit vassglas

Og ting har ikkje betra seg. No vi skulen nemleg levere inn att godkjenninga. Skuleleiinga vil ikkje la seg intervjue om saka no. Navelsaker Røed held fast ved at intensjonen med godkjenninga var å gje skulen eit kvalitetsstempel.

Ho seier dei samtidig er svært opptekne av eit godt samarbeid med lokalt næringsliv.

Sæbø i Vegvesenet synst det er synd at han får godkjenninga i retur..

– Det betyr for så vidt ikkje noko for skulen om dei har denne godkjenninga eller ikkje. Det er berre eit kvalitetsstempel, seier Sæbø og legg til:

– Eg opplever dette litt som storm i eit vassglas. Som sagt, det har ingen praktiske konsekvensar, anna enn at skulen har eit skilt på døra. Dei vil framleis kunne reparere det dei vil i samband med undervisninga, seier han.

– Småleg av bilbransjen

Heller ikkje talsmann for den lokale bilbransjen, Lars Jan Thorsen, vil la seg intervjue. Han stadfesta i november at enkelte var kritiske, og seier no at det beste for samarbeidet mellom bransjen og skulen er at godkjenninga forsvinn.

Sæbø i Vegvesenet har liten forståing for striden som har oppstått.

– Eg trur bransjen må ha misforstått kva skulen skulle med godkjenninga.

– Er det småleg av bilbransjen å reagere på den måten som dei har gjort?

– Ja, det vil eg seie.