Mor hennar ber alle vaksinere seg, men politikarane og fagfolka seier nei til påbod

Malene (5) kan døy dersom ikkje andre barn vaksinerer seg. Men verken fagfolka eller poltikarane vil ha påbod om vaksinering av alle born.

Malene.

SÅRBAR: Malene har ikkje immunforsvar som kan verne mot virus eller bakteriar.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Obligatorisk vaksinering er ikkje vegen å gå, er den tydelege beskjeden frå helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe.

Ho fortel at spørsmålet har vore diskutert fleire gonger i Stortinget, men at det er brei politisk semje om at vaksinering skal vere frivillig.

Spørsmålet har dukka opp igjen etter at NRK skreiv om fem år gamle Malene frå Førde som har immunsvikt. Ho kan døy av ein vanleg barnesjukdom, og er avhengig av at dei rundt ho er vaksinerte.

– Det er uansvarleg av dei som vel å ikkje gjera det. Det er rett og slett galskap, seier mor Marianne Solhaug.

– Viktig at ho står fram

– Eg forstår ho veldig godt. Det er utruleg viktig at ho står fram. Hennar røyst kan bidra til at fleire vaksinerer seg, seier Toppe.

Ho trur mykje av motstanden hos enkelte mot vaksinar botnar i mangel på kunnskap, og at vi rett og slett har det for godt i Noreg.

– Vi er for godt vane i Noreg. Vi veit ikkje kva det vil seie å ha desse sjukdommane. Det kan og føre til at enkelte kanskje ikkje trur det er så viktig.

Kjersti Toppe

TILLIT: Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Sp, meiner meir kunnskap må til for at alle skal vaksinere seg.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

– Store konsekvensar

Toppe viser til at dei fleste vaksinerer seg, og at grunnen er tilliten til helsevesenet blant folk flest.

Til spørsmålet om kva ho vil gjere for at alle skal vaksinere seg, svarar Toppe dette:

– Vi må ta motstanden på alvor. Vi må få fram at det ikkje berre handlar om deg og dine. Det har faktisk konsekvensar for andre i samfunnet som er meir mottakelege for smitte og sjukdom.

Didrik Vestrheim

TILLIT: Avdelingsdirektør hos Folkehelseinstituttet Didrik Vestrheim.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Nesten alle er vaksinerte

Og Toppe får støtte hos avdelingsdirektør Didrik Vestrheim ved Folkehelseinstituttet. Heller ikkje han vil ha påbod, og fryktar at det kan ha motsett effekt.

– I Noreg har vi veldig høg vaksinasjonsdekning. Dei borna som ikkje vaksinerer seg, er ein veldig liten del av befolkninga. 96 prosent av alle toåringar er vaksinerte mot meslingar, seier Vestrheim.

Ap opnar for påbod

Sjølv om det er brei politisk semje på Stortinget om frivillig vaksinasjon, prøvde Ap seg i fjor med eit forslag der dei bad regjeringa greie ut og føreslå ei endring i smittevernlova. Målet med forslaget var å gjere det mogeleg for kommunane å gjennomføre eit prøveprosjekt med obligatorisk innkalling av born til vaksinering mot meslingar, kusma og raude hundar.

Bak forslaget, som ikkje fekk fleirtal, stod blant andre helsepolitisk talsperson i Ap, Ingrid Kjerkol.

– Utviklinga i land rundt oss og nokre stader i Noreg gjer at det er behov for ei meir aktiv føre-var-haldning. Vi kan ikkje godta at born i Noreg vert sette i fare når førekomsten av dødelege sjukdommar aukar. Born har rett på vern gjennom FN sin barnekonvensjon og norsk lov. Det omfattar også ein rett til medisinsk behandling eller å unngå sjukdom gjennom vaksinasjon, skriv blant andre Kjerkol i bakgrunnen for forslaget.

Ingrid Kjerkhol

VIL HA PÅBOD: Helsepolitisk talsperson i Ap, Ingrid Kjerkol, fekk ikkje fleirtal for å prøve ut obligatorisk vaksinering.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix