Medan andre slåst om å få kunsten hans, blei to av bileta til kunstnaren frå Sunnfjord fjerna frå våpenhuset i Arbeidskyrkja. Leiaren i soknerådet, Unni Lundgren, meiner bileta ikkje høyrer heime der. Ho opplever dei som blodig og grotesk.
Foto: Gøril Grov Sørdal
To litografi av Torsheim blei fjerna frå våpenhuset, eitt der ei smilande Salome held hovudet til Johannes døyparen på eitt fat, og eitt der skrikande og jamrande apostlar ser ein pint Jesus fare til himmelen. Også Helge Segrov sitt bilete "Queen of the fertility, blei teke ned.
Lundgren seier ho ikkje hadde bite seg særleg merke i bileta før folk frå kyrkjelyden kom til henne med reaksjonar på kva kunstverka formidla. I går, etter 14 dagar i skammekroken, kom bileta opp att. Der skal dei henge fram til soknerådet har avgjort kva som skal gjerast med dei.