Hopp til innhold

Vil ikkje ha samanslåing før brua kjem

BYRKJELO (NRK): Kommunalministeren meiner samanslåing må komme før bru, men Gloppen-ordføraren la fram eit heilt motsett syn under folkemøtet på Byrkjelo.

Jan Kåre Fure og Leidulf Gloppestad

KLAR TALE: Ordførar Leidulf Gloppestad er skeptisk til kommunesamanslåing, og vil bruke den planlagde brua over Nordfjord i midtre som eit trumfkort. Her er han saman med rådmann Jan Kåre Fure under folkemøtet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi brenner trumfkortet vårt om vi slår oss saman med Eid utan å få lovnader om bru først. Difor stemmer eg nei til samanslåing med Eid, sa ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) på det første folkemøtet om kommunesamanslåing.

Så langt i reformprosessen har Gloppestad heldt si personlege meining utanfor den offentlege debatten, sjølv om han tydeleg har vore skeptisk.

– Eg har lenge meint at det kunne vere greitt å gjere til kjenne kva eg stemmer sjølv, før desse folkemøta skal vere, seier han til NRK.

Usamd med kommunalministeren

Måndag var han i møte med kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Sanner var klinkande klar på at kommunane stiller sterkare med å få realisert brua over midtre Nordfjord, dersom dei slår seg saman.

– Men eg er ikkje sikker på om eg er einig i det, og eg er heller ikkje sikker på om det er isolert sett ei bru som er det viktigaste for kommunalministeren i dette spørsmålet. Eg trur framleis vi står sterkare med å vere to kommunar som jobbar i fellesskap med å få det til, som kan ende i ei kommunesamanslåing når vi er ferdig, seier Gloppestad.

Folkemøte kommunesamanslåing Eid og Gloppen

ENGASJEMENT: Få møtte opp, men dei som gjorde det var engasjerte. Olaf Sigurd Gundersen var ein av dei som heldt innlegg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skuffa over dårleg oppmøte

Rundt 50 personar møtte på det to timar lange folkemøtet. Skuffande, meinte fleire i salen.

– Det engasjerer vel lite. Dei er ikkje interesserte i å uttale seg. Eg er veldig skuffa, seier Kjell Hjelle, som sjølv ikkje er i tvil om kva han vil stemme.

– Er ikkje brua kome på plass, så blir det nei frå meg, slår han fast, og får støtte frå Ingemar Sårheim.

– At brua blir bygd er ein premiss, seier Sårheim.

Folkemøte kommunesamanslåing Eid og Gloppen

BLANT DEI FÅ: Ragnhild Helgheim (til venstre) og Gudrun Hjelle skulle gjerne sett at fleire møtte opp.

Foto: Silje Guddal / NRK

Også Ragnhild Helgheim var både overraska og skuffa over at ikkje fleire kom. Ho er spent på kva det vil ha å seie for folkerøystinga.

– Eg tenker at det er veldig viktig å komme ut med mykje god informasjon, slik at ein får opp deltakinga. Eg har ikkje bestemt meg. Det er mange ting som er vanskelege, med bru og kor ting skal liggje og så vidare. Men ein må også vere med i utviklinga på ein eller annan måte, seier ho.

Håpar på meir engasjement rundt røystinga

Gloppestad vil ikkje konkludere med om knappast mogleg ja-fleirtal vil vere godt noko for han. Han oppmodar folk til å røyste.

– Vi ser gjerne at vi får eit Jølster-resultat i frammøteprosent, og så vi får sjå kva stemmeresultatet blir. Eg ser ikkje noko poeng med å setje ultimatum på prosentar.

Neste folkemøte om kommunesamanslåing mellom Eid og Gloppen blir i Hyen samfunnshus måndag.