NRK Meny
Normal

Vil ikkje ha Oslo-modellen

FØRDE (NRK): Arbeidarpartiet seier nei til å greie ut heile Sogn og Fjordane som ein stor kommune. Det var Flora Ap som føreslo ei utgreiing av denne såkalla Oslo-modellen.

Fylkesårsmøte Arbeidarpartiet

KOMMUNESAMANSLÅING: Ap vil ikkje greie ut Oslo-modellen i Sogn og Fjordane.

Men ordførarkandidat i kystbyen, Ola Teigen, måtte skuffa konstatere at fylkesårsmøtet til Ap sa nei.

– Det går føre seg ei rekke prosessar som vil flytte makta vekk frå oss. Eg tenkte på dette som eit motsvar, og ein måte å behalde makt på, seier Teigen.

Under press

Før jul føreslo fylkesrådmannen å greie ut Oslo-modellen i Sogn og Fjordane. Han ville undersøke om ein kan samle alle dei 26 kommunane og fylkeskommunen til ein storkommune. Han fekk ikkje støtte.

Ola Teigen

VIL HA OSLO-MODELLEN: Ola Teigen er ordførarkandidat for Ap i Flora.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Regjeringa pressar på for samanslåing og kommunar og fylkeskommunar. Ola Teigen og Flora Ap trur Oslo-modellen kunne gjort at folk i Sogn og Fjordane fekk behalde retten til å styre seg sjølv.

– Får vi ein større Vestlandsregion, er eg redd for at administrasjonen på dei vidaregåande skulane, administrasjonen for samferdsleprioriteringar og kollektivprioriteringar blir flytta lenger vekk frå oss, slik at det vert vanskeleg for innbyggarane i fylket å påverke prosessane, seier Teigen.

Spanande tanke

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, trur som Flora Ap gjer, at Oslo-modellen kan gje eit Sogn og Fjordane med kraft.

Ingrid Heggø

SLAGKRAFT: Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Ingrid Heggø meiner ein storkommune ville gitt Sogn og Fjordane slagkraft.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg tykkjer dette er ein spanande tanke, men eg veit ikkje om det er rett å gå for det på det noverande tidspunktet. Eg tykkjer likevel vi skal ha det i bakhand, for då vil verte ein svært stor kommune med over 100 000 innbyggarar. Då vil vi ha slagkraft.

I Oslo styrer kommunen overordna oppgåver som skule og arealplanlegging , medan underordna bydelar med eigne folkevalde har ansvar for eldreomsorg og barnehagar. SV har sagt ja til ei utgreiing.

Ikkje rett tidspunkt no

Dei andre partia har ikkje teke stilling til spørsmålet. Fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet meiner kommunane no har nok med å greie ut samanslåing med naboane, og seier den dårlege økonomien i fylkeskommunen og spelar inn for at Ap sa nei i helga. Han tek ikkje skrekken av 26 kommunar saman.

Hilmar Høl

HAR IKKJE LAGT OSLO-MODELLEN HEILT DØD: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet Hilmar Høl utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å ta opp at Oslo-modellen på eit seinare tidspunkt

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tykkjer det er ein spanande tanke, meir enn ein skremmande tanke, seier Høl.

– Men de har ikkje lagt ballen heilt død?

– Nei, dette kan vi ikkje legge dødt. Vi gjorde ei vurdering ut frå dei prosessane som no er i gang og vi må nesten få fullført dei før vi ser på andre løysingar. Men det er klart, vi kan ta det inn igjen og ta det opp i fylkestinget også.

Vegopning på Bergum i Førde kommune