Hopp til innhold

Arnfinn (69) vil ha slutt på omkampane om stamvegen

TYINKRYSSET (NRK): Nær tre milliardar kroner skal til saman brukast på opprustinga av stamvegen E16 over Filefjell. No ønskjer fleire politikarar å flytte stamvegen til Hemsedal. Det tykkjer kjøpmann Arnfinn Hermundstad (69) er noko stort tull.

Arnfinn Hermundstad på butikken

LEVER AV VEGEN: Arnfinn Hermundstad har i mange år drive butikken og bensinstasjonen på Tyinkrysset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette har jo vore diskutert i mange år, når det har kosta så mykje håpar eg jo at dei berre held fram med dei har planlagd. Det har med kroner og øre å gjere. Vintervedlikehaldet over Filefjell er vel også det billegaste av alle fjellovergangane mellom aust og vest, seier Hermundstad.

Han sit sjølv bak kassa på butikken på Tyinkrysset. Kvart år treff han tusenvis av reisande, og han kan ikkje forstå korleis nokon kan meine at riksveg 52 over Hemsedal er eit betre stamvegalternativ. Særleg no når E16 blir bygd ut til moderne standard nær heile vegen.

– Det er klart at kommunikasjonsmessig så ser vi på utbygginga som ein stor fordel. Det blir betre og langt sikrare veg. Filefjell blir jo ein kjempeflott fjellovergang når den er ferdig utbygd, seier Hermundstad.

  • Høyr radioinnslaget:
Harald Stadheim på Tyinkrysset

GODT NØGD: Byggjeleiar for Statens vegvesen, Harald Stadheim, held oppsyn med det omfattande arbeidet som blir gjort frå Smedalsosen til Varpe bru. Her framfor tunnelpåslaget for Filefjelltunnelen på Tyinkrysset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hevar vegen i terrenget

Mellom skituristar og fastbuande er om lag 200 anleggsarbeidarar frå entreprenøren Hæhre i full aktivitet på på stamvegen E16 over Filefjell.

Berre på opprusting av vegen frå Smedalsosen og ny tunnel ned til Tyinkrysset skal det brukast over 800 millionar kroner fram til 2017. Målet med opprustinga er klar.

– Blant anna skal vi heve vegen som går ute i dagen med i snitt to – tre meter. Vi skal lage den breiare, vi skal ha fresefelt og lage den open slik at snøen stort sett vil blåse av vegen. Det som vi har sagt frå vegvesenet si side er at vi bortimot skal gjere vegen sikker om vinteren uansett vêr, seier byggjeleiar Harald Stadheim i Statens vegvesen.

Men framleis vel dei fleste å køyre riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. I fjor køyrde i snitt 1246 bilar over Hemsedal kvar dag, medan 863 valde Filefjell.

Vidar Eltun i Vang

NEKTAR OMKAMP: Vidar Eltun (Ap) er ordførar i Vang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trafikk austover

Statens vegvesen og stadig fleire politikarar tek til orde for Hemsedal som stamveg i framtida. Men leiaren av stamvegutvalet for E16 og ordførar i Vang, Vidar Eltun, ønskjer ingen omkamp.

– Trafikktala er jo klare, og om du berre tenkjer isolert sett strekninga mellom Sogn og Oslo, så er det jo raskare å køyre Hemsedal. Men så er det slik at det er ikkje all trafikk som går mellom der. Det går også mykje trafikk via Valdres til Mjøsområdet, peikar Eltun på.