Vil ikkje ha meir trafikk

Trafikkvolumet på Nærøyfjorden har gått over tolegrensa. Det meiner Leif Inge Underdal, nestleiar i styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark. I samferdselsutvalet i går gjekk fleirtalet inn for at både Fjord2 og Norwegian Fjord Voyage får auke trafikken. Aurland-ordførar og leiar i samferdsleutvalet i fylket, Noralv Distad, er ikkje samd i at trafikknivået har gått over tolegrensa. Han seier utvalet ikkje har høve til å nekte løyve som ikkje er grunngitt i lovverket.