Så mykje som 40 prosent av omsetnaden til reiselivsnæringa i fylket er knytt opp mot Jostedalsbreen og Jotunheimen nasjonalparkar. Og det viser seg altså at dei som lever av tursme slett ikkje er så ivrige etter å få klaprande helikopter inn i verneområda.
Stor auke
Debatten om helikoptertransport frå Veitastrondi til Kaldakari har gitt eit inntrykk av at reiselivsfolk helsar slik turisme velkomen, men dette blir langt frå stadfesta i rapporten til Vestlandsforsking.
Rapporten viser og at det ligg til rette for ein stor auke i turiststraumen til dei verna områda, vel og merke utan bruk av motoriserte hjelpemiddel.