Hopp til innhold

Han vil ikkje ha fiskefôret med giftstoff i merdane til Marine Harvest

Oppdrettselskapet Marine Harvest vil ikkje ha fiskefôret som inneheld HCB.

Ola Helge Hjetland

SEIER NEI TAKK: Kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest vil ikkje ha fiskefôret med HCB.

Foto: NRK

100.000 tonn med fiskefôr som inneheld fiskemjøl med for høge verdiar av giftstoffet Heksaklorbenzen (HCB), har alt blitt gitt til norsk laks.

Fôrindustrien ynskjer å bruke endå 1000 tonn til som ligg att i karantene og har klaga på Mattilsynet sitt vedtak, og bedt om dispensasjon frå regelverket.

Men kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland seier Marine Harvest ikkje vil ha fôret uansett.

– Dette er ei alvorleg sak. Uansett kva Mattilsynet kjem fram til er det heilt uaktuelt for oss å kjøpe dette fôret og bruke det i vår produksjon.

Ewos

1000 TONN ATT: Ewos i Florø er mellom produsentane som har fôr med HCB på lager.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil selje restlageret

Det var i sommar det vart påvist at fiskemjøl frå Peru som blir brukt i norsk oppdrettsfôr hadde for høge verdiar av miljøgifta Heksaklorbenzen (HCB).

Over 100 000 tonn med ferdig fôrvare hadde då alt blitt brukt som mat til oppdrettslaks. Vel 1000 tonn som er igjen av fôret hjå tre norske fôrprodusentar er sett i karantene av Mattilsynet.

Men produsentane ynskjer likevel å omsette fôret, og har gjennom felles advokat klaga Mattilsynet si avgjerd og bede om dispensasjon. Argumentet er at det ferdig utblanda fôret samla sett kjem under grenseverdiane. Dermed utgjer ikkje fòret nokon helsefare for folk.

– Handlar om tiltru

Men Marine Harvest seier dei uansett ikkje vil ha det omstridde fôret.

– Fôret utgjer ikkje nokon fare for helsa til forbrukarane, men for oss handlar det om tiltrua til oss som matprodusent og tiltrua til våre produkt. Dette er òg bakgrunnen for at i år har starta opp å reinse all fiskeolje i fôret vi produserer sjølve for miljøgifter. Etter grenseverdiane er det trygt, men marknaden er opptekne av problemstillinga.

Hjetland reknar med at fôr som ikkje skulle vore omsett, også har hamna i Marine Harvest sine anlegg. Selskapet understrekar at prøver av fisken ikkje viser nokon helsefare.

Selskapet har nyleg starta eigen fôrfabrikk og annonserte i vår at dei vil reinse all fiskeolje i fôret for ulike framandstoff. Bakgrunnen er uro i marknaden nettopp for miljøgifter i fisken.

– Trygt å bruke

Administrerande direktør Erlend Sødal i fiskefôrselskapet Skretting seier dei tek Marine Harvest si avgjerd til etterretning. Men han understrekar at både Mattilsynet og bransjen sjølv meiner at gifttabben ikkje utgjer nokon fare for folkehelsa.

– Vi skal tene kundane våre på best vis. Fôret er heilt trygt å bruke, men samstundes forstår eg våre kundar som er urolege for renomméet ute i marknaden.