Hopp til innhold

Vil ikkje ha endringar i kraftbransjen

Det offentlege eigarskapet i kraftselskapa står for fall i ny rapport. Men møter lokal motstand.

Leirdøla kraftverk

VIL HA PRIVATE INN: Ein ny rapport føreslår å kutte det offentlege eigarskapet på 2/3 i kraftverka.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Viss du tenkjer på eit eventuelt mindre offentleg eigarskap i kraftsektoren, så meiner eg det ikkje bør skje.

Nyleg la professor Jørn Rattsø fram den såkalla produktivitetskommisjonen sine konklusjonar for eit meir effektivt Noreg.

Trur motstanden er for stor

Rattsø meiner at i det må ein også fjerne kravet om 2/3 delar offentleg eigarskap i norsk vasskraft.

Erling Stadheim

NEI TAKK: Tidlegare ordførar og mangeårig kraftpolitikar, Erling Stadheim, vil behalde dagens krav om 2/3 offentleg eigarskap i kraftselskapa.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Styreleiar i Sognekraft og Ap-veteran, Erling Stadheim, trur ikkje dette vil bli ein realitet.

– Slik eg oppfattar situasjonen blant dei fleste parti, så er dei ikkje innstilte på å fjerne kravet. Dermed trur eg at det blir brei semje om å halde på den offentlege eigarprosenten som er.

Vil opne opp for private

Oskar Grimstad er energipolitisk talsmann i Framstegspartiet. Han vil ikkje gå like langt som Rattsø, men meiner at er på tide å sleppe til fleire private aktørar på eigarsida i kraftbransjen.

Oskar Grimstad

OPNAR OPP: Oskar Grimstad i Frp vil ha fleire private inn på eigarsida i kraftbransjen.

Foto: Terje Reite

– Vi veit at både kommune og fylke i dag har svært vanskeleg økonomi. Dermed er det nesten umogeleg å få selt eigardelar i kraftselskapa. Det er få som er tente med, og spesielt knytt til kommunereforma der vi ser at enkelte ønskjer å realisere verdiane.

Stadheim er heilt usamd med Grimstad. Han meiner at sjølv om kraftbransjen nett no er inne i ei tid med låge inntekter, så er det ingen grunn til å opne opp for fleire private eigarar.

– Dette er jo eit område som er utruleg viktig at fellesskapet har hand om, seier Stadheim.