Hopp til innhold

Vil ikkje gje slepp på Fjord1

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil etter alt å døme ikkje bruke forkjøpsretten og kjøpe opp heile Fjord1. Dei vil heller ikkje gje frå seg aksjemajoriteten.

Fjord1

NY EIGAR: Havila vil inn på eigarsida i Fjord1, og blir vurdert som ein god samarbeidspartner av fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I staden ynskjer fleirtalet av fylkespolitikarane eit tett samarbeid med Havila AS, som er samde med Møre og Romsdal fylkeskommune om å kjøpe deira aksjar i transportselskapet .

– I ein situasjon der vi er komne inn i ein anbodsmarknad, så er det vanskeleg å ha økonomisk ryggrad til å eige selskapet åleine, seier gruppeleiar i SV, Norvall Nøringset.

– God samarbeidspartner

Havila må betale 362 millionar kroner for Møre og Romsdal fylkeskommune sine 41 prosent i Fjord1.

Jenny Følling

SERIØS: Jenny Følling opplever Havila som ein seriøs og naudsynt samarbeidspartnar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan likevel nytte forkjøpsretten og få full kontroll over selskapet . Det meste tyder på at det ikkje vil skje. Fylkesordførarkandidat for Senterpartiet, Jenny Følling, seier det er viktig å ha ein profesjonell aktør som Havila på laget.

– Havila oppfattar vi som ein seriøs part, som er profesjonelle og som driv godt. Eg trur nok at det å få ein industriell aktør med seg til å vere med å utvikle dette vidare, det vil kanskje vere ein god strategi, seier ho.

Vil ha fleirtalet

Saka skal opp i fylkesutvalet fredag og endeleg avgjerast av fylkestinget den 25. august. Arbeidarpartiet vil ikkje kommentere saka, men mykje tyder på at partiet vil gå inn for samarbeid med Havila. Dermed er fleirtalet sikra.

Per Sævik

POSITIV: Dagleg leiar i Havila, Per Sævik.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Det er per i dag ikkje fleirtal for å la Havila overta aksjemajoriteten i Fjord1.

Dagleg leiar i Havila AS, Per Sævik, ser fram til eit nært samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Vi reknar med at fylkespolitikarane har same intensjon som vi – å medverke til å utvikle Fjord1 i positiv retning, seier han.