Hopp til innhold

Ikkje interessert i å gi éi krone til Harastølen

Tidlegare Luster-ordførar Ernst Veum (Frp) ønskjer ikkje å gi ei einaste krone til Harastølen.

Veum og Harastølen

VIL IKKJE: Ernst Veum (Frp) vil ikkje gi Harastølen ei einaste krone.

Foto: Arve Uglum/Raymond Lidal / NRK

– Det er viktig å signalisere at det ikkje finst noko av midlar å hente frå

kommunen til restaurering av Harastølen. Vi har vore inne med pengar før, utan å få resultat. Eg er veldig glad for at vi ikkje eig noko der, og difor må vi heller ikkje binde oss opp i noko, seier Veum til Sogn Avis.

Veum var svært klar i sin bodskap til Luster formannskap. Paret Morten og Barbro Solem har kjøpt Harastølen for ei krone, og ønskjer å setje eigedommen i stand for å bruke han til helsesportsenter for born og unge.

Ikkje fullt så avvisande

Dei har starta ein blogg, der dei ber folk donere pengar til restaureringsprosjektet.

Men fleire i Luster formannskap var, ifølgje avisa, ikkje fullt så avvisande som Veum.

– Eg tykkjer dei verkar oppriktige, og dei skal komme tilbake med ein finansierings- og framdriftsplan, seier ordførar Ivar Kvalen til avisa.

Anna tilnærming til næringsaktivitet

Høgrepolitikar Terje Bakke Nævdal meinte det ikkje ville vere rett av politikarane å komme med eit signal om at det ikkje ville bli snakk om å yte tilskot og støtte til det nye prosjektet.

– Til oppussing av bygget, ja. Men vert det starta næringsaktivitet, er det annleis. Då har eg ei anna tilnærming til det, på lik linje med andre som etablerer seg i kommunen, seier Nævdal.