Vil ikkje byte flyplass mot bru

Politikarar i Gloppen vil ikkje hoppe på Frp sitt utspel om å legge ned Sandane lufthamn Anda i byte mot bru Anda-Lote.

Anda-Lote - flytebrualternativ

VIL HA BRU HER: Politikarane i Gloppen meiner at ein med ferjeavløysingsmidlar og bompengar kan bygge bru Anda-Lote, og seier dei ikkje vil ofre den viktige flyplassen.

Foto: LMG Marin/Nordwest3D

Framstegspartiet meiner ein kan bruke pengar frå flyplassen på Sandane til ein samferdslepakke i Nordfjord, gruppeleiar på Fylkestinget Frank Willy Djuvik meiner det kan opne for ei bru Anda – Lote.

Men Ragnar Eimhjellen i Venstre er skeptisk, og er usikker på om utspelet har dekning frå sentralt hald i regjeringa.

– Det er vanskeleg å ta omsyn til dette, om det var eit utspel frå Samferdsleministeren ville eg kanskje ha byrja å reflektere over det, men eit soloutspel er det vanskeleg å kommentere, seier Eimhjellen

Vil legge ned flyplass i byte mot bru

Førre veke vart Sandane lufthamn freda i minst fire år av Avinor, det vekte jubel i næringslivet i Nordfjord.

Men Frp sin gruppeleiar Frank Willy Djuvik påpeika raskt same dag at Avinor seier ei viktig årsak til fredinga er at ein vil sjå kva som kjem av nye vegar.

Djuvik meiner ein no kan nytte sjansen til å til dømes bygge bru Anda-Lote, for pengane ein sparar på å legge ned flyplassen den dagen brua står klar.

Frank Willy Djuvik

INNBYTE: Frank Willy Djuvik har lagt inn bru Anda-Lote på lista over vegar som kan bytast inn mot flyplass. Sandane lufthamn vil med dagens støttenivå få 1,3 milliardar dei neste 20 åra samla frå Avinor og i rutetilskot.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi vil ikkje legge ned flyplassar utan at det kjem kompensasjon i form av vegbygging, det ynskjer vi å sjå på framover. mot 2019. Anda-Lote er eit slikt prosjekt, som ein kan sjå på i kombinasjon med ferjeavløysingsmidlar.

Djuvik seier dette ikkje vil vere i strid med den vedtekne traseen for E39 gjennom Stryn.

Glopparane vil ha veg uansett

Blant politikarane i Gloppen blir utspelet møtt med skepsis av Sp sin ordførarkandidat Leidulf Gloppestad.

– Det er meiningslaust å byrje å diskutere flyplassar, før infrastrukturen er på plass.

Leidulf Gloppestad

SKEPTISK: Leidulf Gloppestad vil ha veg fyrst, men er budd på diskusjon i etterkant.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trass nederlag i E39 striden er tanken om bruer over Anda-Lote og over Voldsfjorden framleis høgst levande lokalt. Gloppestad meiner at etter kvart som ferjene blir byta ut med bruer over heile Nordvestlandet vil mykje endre seg, også bruken av flyplassane i Møre og Romsdal.

– Så får vi ta debatten om flyplassar etter kvart som reisemønster endrar seg i takt med dei investeringane og utbyggingane vi vil ha på plass.

– Bru kjem uansett

Med den nye ferjeavløysingsordninga på 40 år meiner Ragnar Eimhjellen frå Venstre at brua Anda-Lote vil kome uansett.

– Brua vil kome uansett. Ferjeavløysing i kombinasjon med brukarbetaling gjer at det berre er eit spørsmål om å få løyve til å sette i gong, så det å kople det opp mot flyplasstruktur i dag er eg ikkje klar for å gjere, men det er klart at på sikt med bru Anda-Lote, og bru over Voldsfjorden, så kan ein byrje å diskutere dette her.

Forslag til bruløysing over Anda-Lote, med flytebru med skipspassasje

HAR IKKJE GITT OPP: Trass i at regjeringa gjekk for E39 med bru i Stryn jobbar Eid og Gloppen framleis for bru mellom Anda og Lote.

Foto: Illustrasjon: Nordwest3d og LMG Marin
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.