Hopp til innhold

Florøværingane nyt islagde vatn

FLORØ (NRK): I Florø har mange nytta høve til å prøve skøytene dei siste dagane. – Ver alltid fleire når ein ferdast på isen. Skjer det noko skal ein alltid varsle først, seier brannvesenet.

SJEKKAR ISEN: Flora brannvesen sjekkar isen. Dei påpeikar at du sjølv må vurdere om isen er trygg nok til å ferdast på.

– 15 centimeter, seier Bjarte Nesheim, underbrannmeister i Flora brannvesen i det han treg tommestokken opp frå holet han nett har bora i isen.

MÅLER ISEN

SJEKKPUNKT: Brannvesenet testar isen på fleire stader for å få eit godt bilete på tjukkleiken til isen.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

– 15 centimeter, det er vel det trygt?

– Vi er veldig forsiktig med å seie om isen er trygg eller ikkje. Vi informerer kva vi måler på dei ulike plassane og viser til isvettreglane. Folk må sjølv vurdere om det er trygt, fortel kollega og brannmeister Rune Ask.

Saman med brannmeister Anders Melvær er dei på Litlevatnet i Florø sentrum for å måle tjukna på isen. Etter fleire dagar med minusgrader kunne Florøværingane sist fredag finne fram skøytene. Sidan då har folk strøymde til dei islagde vatna i kystbyen.

Måler isen

MÅLER ISEN: Brannmeister Rune Ask med isbiten dei har tatt opp for å måle. Det laget som er klarast er det ein kallar stålis, medan den øvste laget er av dårlegare kvalitet. Ask kallar den for "slushis". Tommelfingerregelen er at to delar "slushis" svarar til ein del stålis.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

Skuledag på isen

Nokon av dei som fekk ein ekstra kjekk dag var elevane i 1A og 2A ved Florø barneskole. Dei hadde tatt med seg skøyter og hjelm for å nyte føremiddagen på Storevatnet som ligg berre eit steinkast frå skulen. Også dei var opptekne av tryggleik.

LEIK PÅ ISEN

LEIK PÅ ISEN: 2A tok delar av skuledagen på isen like ved skulen.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

– Vi har hjelm på for å beskytte oss!, seier elevane i 2A.

– Skal vi ha konkurranse om kven som er raskast?

– JAAA!

Den utsende frå NRK forstår at han er på tynn is. Ikkje bokstaveleg talt, for her har brannvesenet måla isen til meir enn ti centimeter. Elevane har allereie ein time på isen, i tillegg til at fleire har nytta helga til å øve på teknikken. Reporteren frå NRK var sist på isen for nærare ti år sidan.

Skuleborn på isen

GLEDE: Det var ikkje vanskeleg å forstå at elevane likte å bruke delar av skuledagen på isen. Her er Mille Kroppan Knapstad og Tora Bjørbæk Eikevoll.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Korleis konkurransen gjekk kan du høyre her:

Varsle først

– Når du skal ut å gå på skøyter er det ein god regel at det alltid er fleire med. Spesielt om det er ungar det er snakk om, seier Rune Ask.

Vi har flytta oss inn til Kanalen. Dette er det som skil Florø frå Brandsøylandet, eller omvendt. Her har kuldegradene fått sjøvatnet til å fryse, og no ligg det som eit golv mellom berga.

ØVAR PÅ ISREDNING

PÅ TYNN IS: Rune Ask og Bjarte Nesheim øvde tysdag på isredning i Kanalen i Florø.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

Her skal brannvesenet øve på å redde person opp frå vatnet. For om uhellet først er ute er tida knapp for å få opp dei som er i naud. Nedkjøling er største faren.

– Det viktigaste er å alltid varsle før ein sjølv prøver å gjere noko. Det kan ikkje seiast nok. Det er viktig å få vedkommande på land og få opp kroppsvarmen.

Opp på isen

ISPIGGAR: Bjarte Nesheim viser korleis han lett kjem seg opp på isen att ved å nytte ispiggar. Brannvesenet anbefaler at du har med dette på isen.

Foto: FREDRIK JOHAN HELLAND / NRK

Brannmeisteren meiner ein bør tenke tryggleik før ein legg ut på tur.

– Ha med eit tau eller ispiggar. Ispiggar er eit must å ha når ein skal på isen.