NRK Meny
Normal

Vil ikkje friskmelde Vålerenga

Etter seks strake seriekampar utan siger, og ein flau cup-exit mot 2. divisjonslaget Kjelsås, kunne endeleg Vålerenga juble for tre poeng.

Martin Andresen

PUSTA LETTA UT: Martin Andresen og Vålerenga kunne endeleg smile over tre poeng igjen etter 1-0 mot Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølvmålet til Espen Olsen i første omgang, vart tunga på vektskåla og vippa oppgjeret på Fosshaugane i favør av Vålerenga.

- Det er veldig godt. Eg er glad vi klarer å sigre i ein slik type fotballkamp, som nødvendigvis ikkje er vår styrke, pustar trenar Martin Andresen letta ut etter kampen.

- Ikkje friskmelde

Osloklubben hadde marginane på si side i oppgjeret mot Sogndal. I 22 minutt stod det 0-0 før Even Hovland heada ein Bojan Sajic-corner i Olsen og i mål.

Sjølv etter fire poeng på dei to siste seriekampane, vil verken André Muri eller Martin Andresen friskmelde Vålerenga.

- Nei, Vålerenga er ikkje friskmelde. Vi hadde vendepunkt på Fredrikstad der vi fann tilbake til oss sjølve att, og så fekk vi med oss eitt poeng frå Haugesund og siger her. Det er godt å få tre poeng att og godt å kjenne at tinga vi jobbar med stadig blir betre, seier Andresen.

Tydeleg sakn

Poenga var viktige for fjorårets sølvmedaljevinnar. Sigeren var også den første i seriesamanheng sidan 1998 på Fosshaugane.

Vålerenga var utan Morten Berre (lårskade), Kristoffer Hæstad (lyskeskade), Amin Nouri (strekk) og Isaac Boakye (overtramp). I tillegg var Luton Shelton reist på landslagsoppdrag med Jamaica. Saknet etter Berre og Hæstad var tydeleg mot Sogndal.

- Vi sa det ville komme til å bli slik. Vi har skade på ekstremt viktige spelarar, og det kan vi ikkje forsvare oss mot. Men ligg vi ikkje for langt bak til sommaren, og vi får folk attende frå skade, så skal vi vere med, meiner Andresen.

- Frustrerande

Vålerenga skapte lite utanom målet. Sogndal slepp inn nest minst mål i eliteserien. Saman med Vikings scorar dei samstundes minst mål av eliteserielaga.

Vålerenga har på si side skuffa veldig etter ni kampar av årets sesong.

- Vi har ikkje svart til forventingane, og det er alltid frustrerande å ikkje lukkast. Det har vore ei frustrerande tid, men slik eg er det å spele fotball av og til. Vi er på vei i alle fall og tek tre viktige poeng, så får vi håpe at vi klarer å heve spelet vårt utover hausten, seier André Muri.

- Ingen favorittar

Sigeren i Sogndal løfta Vålerenga to plassar til 11. plass med like mange poeng. Avstanden til Tromsø og Strømsgodset i tabelltoppen er åtte poeng. Stabæk på bronseplass har 18 poeng.

Andresen håpar skadesituasjonen ser langt betre ut etter tre veker ferie. Han vil ikkje seie at Vålerenga er ute av medaljekampen sjølv etter den vanskelege starten.

- Det er berre åtte poeng til toppen. Det er ingen som har utkrystallisert seg som favorittar, og heldigvis har ingen andre vore så veldig gode, seier han.