Hopp til innhold

Vil ikkje fortelje kvar asylsøkjarane skal bu

Stryn og ordførar Sven Flo (H) skal ta i mot 150 asylsøkjarar dei neste månadane, men veit ikkje kvar dei skal bu. For det vil ikkje UDI og Norsk Mottaksdrift fortelje.

Per Lykstad

HAR FÅTT INFO: Per Lykstad seier kommuneadministrasjonen har fått informasjon om at heile kommunen skal takast i bruk, men vil ikkje gje bustadadressene, mellom anna fordi dei er redde for press mot utleigarane.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Vi bad innstendig om å få vite kva grender det er snakk om. Det er ganske oppsiktsvekkande og frustrerande at vi ikkje får vite det, når vi har ansvar for å levere skule, barnehage, helse, transport, språkopplæring og andre ting, seier Flo.

150 asylsøkjarar skal busetjast i Stryn fram til årsskiftet. Sven Flo er så frustrert etter eit møte med UDI og Norsk Mottaksdrift i går, at han forsøker å finne svar via bakvegar.

– I dag har eg gått ut og bede dei som har inngått avtale med Norsk Mottaksdrift om å ta kontakt med meg, slik at eg kan få kunnskap den vegen, seier ordføraren.

Redd for negative reaksjonar i bygdene

NRK har vore i kontakt med UDI, som viser til selskapet Norsk Mottaksdrift. Dei driv asylmottak fleire stader i landet, mellom anna i Høyanger.

Per Lykstad, deleigar og dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift, seier det er nødvendig å halde tilbake noko informasjon frå Stryn kommune, på grunn av at anbodskonkurransen ikkje er heilt avslutta.

Men viktigare, seier Lykstad, er at tidlegare erfaringar gjer at dei vil beskytte utleigarane.

– Folk som vil leige ut bygg til har blitt utsette for press frå personar som ikkje ønskjer mottak. Vi ønskjer ikkje at utleigarane skal bli utsette for den type press.

Sven Flo har ingen forståing for argumentet om at lokal motstand er ein grunn til å halde tilbake informasjon.

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi skyver problema føre oss. Vi må vere opne og ryddige viss vi skal lykkast med busetting og integrering. Innbyggjarane vil uansett få vite det, og det er like greitt at informasjonen kjem no, seier ordføraren.

Lovar meir informasjon om kort tid

Lykstad meiner dialogen med Stryn kommune er god, og seier tonen på møtet i går var god.

– Er det ikkje mogleg å dele informasjonen om bustader med kommunen slik at dei kan førebu seg, utan å dele det med heile offentlegheita?

– Eg har opplyst kommuneadministrasjonen at vi ønskjer å bruke heile Stryn kommune, som Innvik, Utvik og sentrum. Vi vil primært ha kontor i sentrum. Vi har førebels så få stader, at eg ikkje trur informasjonen vil ha stor betydning for planlegginga til kommunen.

– Det er snakk om 150 asylsøkjarar fram til årsskiftet: Har ikkje kommunen då ein rett til å kunne få førebudd seg på kvar i kommunen dei blir busette?

– Det vil dei få i løpet av veldig kort tid. Det er snakk om kanskje ei vekes tid, fram til vi inngår bindande kontraktar med huseigarar, seier Lykstad.