Hopp til innhold

Vil ikkje flytte oppgåver frå Sogn til Sunnfjord

Medan nokre av landets fremste økonomar og forskarar på regional utvikling meiner fylket må satse på Florø og Førde, er det uaktuelt for både Fylkesmannen og Fylkesordføraren å flytte arbeidsplassar frå Sogn til Sunnfjord.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

UHELDIG: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det vil vere uheldig å flytte på arbeidsplassar internt i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ekspertane tok førre vekte til orde for at aksen Førde-Florø kan bli byen fylket treng for å få fart på utviklinga.

Men for Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn er det uaktuelt å tenke flytting til Sunnfjord.

– Eg trur det er veldig uheldig dersom vi no tek til å snakke om å flytte internt dei arbeidsplassane som vi har. Eg meiner vi treng sterke senter både i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Vanskeleg å sjå anna akse enn Førde-Florø

Våg å prioritere og våg å satse på Sunnfjordaksen mellom Førde og Florø, det har den siste veka vore rådet frå både regionforskarar og nokre av landets fremste økonomar som har vitja Sogn og Fjordane

Professor i samfunnsøkonomi, Jørn Rattsø, har mellom anna leia regjeringa sin produktivitetskommisjon og drøymde under næringskonferansen i Førde om ein todelt by i Sunnfjord.

– Byar har store fordelar økonomisk. Bynæringa dreg til seg mykje folk. Det er vanskeleg å sjå for seg ein annan akse enn Florø-Førde, seier Rattsø.

Vil vere ei avsporing

Men visjonen er langt unna dei politiske realitetane.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

AVSPORING: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner det vil vere ei avsporing å diskutere intern flytting av arbeidsplassar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har til liks med Hamre hjå Fylkesmannen makt til å starte ei storstila flytting av jobbar frå Sogn til Sunnfjord, men det er heilt uaktuelt, seier Kjelsnes.

– Eg trur det er ei avsporing å begynne å diskutere å flytte arbeidsplassar internt i Sogn og Fjordane, seier Kjelsnes.

Samfunnsdebattant Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fylgde næringskonferansen i Førde med interesse. Han meiner det Hamre og Kjelsnes står for speglar av dei politiske realitetane i fylket.

Georg Arnestad

BAKEVJE: Samfunnsdebattant Georg Arnestad meiner fylket har andre kampar å kjempe.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har andre kampar å kjempe utan at vi skal byrje å ta denne kampen på nytt. Det vil føre oss ut i ei bakevje som vi slett ikkje bør komme inn i, seier Arnestad.