Vil ikkje få permanent straum på mange dagar

Stryn Energi jobba måndag for å førebu seg på å forsyne delar av Utvik med aggregatstraum. Den permanente straumforsyninga vil la vente på seg.

Elv Utvik Flom

STRAUMLAUS: Flaumen i Utvik tok med seg straumen, og folk ventar no på aggregat.

Foto: NRK-tipser

– Å følge tidlegare føringsveg inn til sentrum er lite hensiktsmessig no, for det er berre eit digert krater. Vi må finne alternative føringsvegar inn til høgspentforsyning, seier nettsjef, Hans Ørjasæter i Stryn energi.

Om lag 200 hus står straumlause etter flaumen som tok med seg både hus, vegar og bruer i Utvik måndag. Truleg vil det ta lang tid før ein har permanent straumforsyning på plass igjen

Køyrer inn aggregat

Energiselskapet jobba måndag med å få tak i aggregat som kan fungere som ei mellombels løysing fram til ein får skikkeleg oversikt over skadeomfanget. Men stengde vegar skapar utfordringar.

– Det som er utfordrande er å få materiellet inn i sentrum pga. sperra vegar. Vi har brukt tida på å førebu oss og håpar å ta aggregata inn til sentrum tysdag, seier Ørjasæter.

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

UTAN STRAM: 200 husstandar står utan straum og vil ikkje få den igjen på mange dagar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Han håpar alle har ei mellombels straumløysing på plass i løpet av dagen. Men det vil ta tid før ein har skikkeleg straum tilbake, ifølge Ørjasæter. Mellom anna fordi det er vanskeleg å sjå kor feilen ligg hen når skadane er så omfattande.

– Ein av nettstasjonane er også forsvunne i flaummassane, så det er ganske omfattande skader. Vi må sjå nærmare på korleis vi løyser det når vi kjem oss inn der, seier han.

Torevêr har skapt vanskar

Torevêret som herja i timevis gjorde det vanskeleg for Stryn Energi å gjere jobben sin.

– Dei kan ikkje jobbe i høgspentnettet når det torar. Det er frustrerande når ein prøver å feilsøke og ikkje får gjort jobben skikkeleg, seier Ørjasæter.

Uvêret har også gjort at fleire i Oldedalen står utan straum. Dei har like mange abonnentar i Oldedalen som i Utvik.

– Vi har hatt like mange Vi har også der hatt utfall og har skifta ein god del trafoar rundt om i kommunen, seier Ørjasæter.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

UTFORDRANDE: Det er vanskeleg å få inn aggregata, sidan begge vegane inn til Utvik er øydelagte av flaumen.

Foto: Alf Vidar Snæland