Hopp til innhold

Vil ikkje endre endestogg

Tysdag sa fleirtalet i fylkestinget nei til eit forslag om å endre endestoggen for Sognebåten frå Sogndal til Flåm. Forslaget, som ville ha kosta fire millionar kroner ekstra i årlege utgifter, fekk støtte frå berre fem representantar.