Hopp til innhold

Vil ikkje diskutere samanslåing

Møre og Romsdal er ikkje interessert i å ikkje diskutere samanslåing med nabofylka. Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, har, ifølgje Sunnmørsposten, bede om ein samtale, men ho får no blankt nei frå fylkesutvalet i nabofylket i nord. Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, seier til avisa at Sogn og Fjordane ikkje ønskjer samanslåing med dei, men i staden ha dei som motvekt i eit samarbeid med Hordaland. Aasen seier eit storfylke med alle desse tre fylka er umogleg for dei.