Hopp til innhold

Vil ikkje dele E39 med geiter

Arbeidarpartiet i heile fylket ønskjer å få heile E39 inn Nasjonal Transportplan.

Jorunn Eide Kirketeig

ØNSKJER BETRE STANDARD: Jorunn Eide Kirketeig håper på snarleg betring på heile E39.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det seier Jorunn Eide Kirketeig frå Arbeidarpartiet. Tidlegare har vegvesenet gjort klart at det er for lite pengar til dette i planleggingsramma som gjeld i dag.

Onsdag kjem samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa til E39-konferansen i Førde. Eide trur konferansen vil føre til at regjeringa satsar tyngre på vegstrekninga.

Dette er nemleg ein veg som ikkje går av fylket sine knappe vegmidlar, men som er Stortinget sitt ansvar.

– Eg har store forventingar til at det faktisk kjem nokre lovnader. Eg håper vi kan gå ei tid i møte der vi veit at E39 i heile Sogn og Fjordane er av ein slik standard av vi kan køyre den trygt og ikkje dele den med geiter.

Ho seier det er viktig å sikre seg slik at det er nok pengar til planlegging.

– Førre valkamp klarte vi å få på plass fire millionar til planlegging. Vi må sikre oss at det er nok pengar framover. Arbeidarpartiet i heile fylket er samkøyrde i at det som går på E39 og Førdepakken skal inn i neste nasjonale transportplan. No må vi ikkje snakke om parsellar, men heile strekninga, seier ho.