Hopp til innhold

Anders Fannemel har ingen planer om å vere ei «døgnfloge»

Anders Fannemel vart nummer ti i årets siste verdscuprenn i Planica. No siktar honndølen seg inn på nok ei NM-medalje til neste helg.

SKIJUMPING/ Norway's Sklett Rune Fannemel and Bardal celebrate after they won the Large Hill Team Ski Jumping World Cup competition in Willingen

NØGD: Anders Fannemel siktar seg inn på NM-medalje neste helg på Voss. – Slik eg hoppar no, så burde det vere innan rekkjevidd, meiner honndølen.

Foto: ALEX DOMANSKI / Reuters

Anders Bardal sikra verdscupsigeren samanlagt, medan Anders Fannemel frå Hornindal vart nest beste nordmann på ein 10. plass.

Avstanden til sigrande Martin Koch (Austerrike) var 35 poeng.

– Eg er veldig nøgd med helga. Har vore stabil med hoppinga og fått til mange gode skihopp, fortel Fannemel som laurdag medverka til sølv i lagkonkurransen.

På pallen

Fannemel har kome som ein komet inn på det norske laget. Etter å ha hoppa fast i kontinentalcupen kom han inn på verdscuplaget i slutten av januar. Sjansen tok han på strak arm og har sidan etablert seg på laget.

Det har gjeve edelt metall i alle valørar i lagkonkurransar. Individuelt har han 7. og 10. plass som beste plasseringar frå verdscuprenna i Sapporo.

– Det var der det losna for meg. Vi hadde ei treningsøkt mellom hoppinga, der eg fekk til gode skihopp. Det gav meg sjølvtilliten og så gjekk det veldig bra i verdscupen etterpå, seier han.

25. plass totalt

Totalt er det blitt 13 verdscuprenn sidan nyttår, 185 poeng og 25. plass totalt i verdscupen.

Han trur intens finpussing på teknikken og nytt utstyr gjorde utslaget.

– Denne sesongen har gått over alle forventingar. Eg er veldig nøgd med korleis eg har klart å halde ved like forma, etter å ha fått ein tung start. I byrjinga var det nesten ingenting som stemde, seier han.

– Må vere på hogget

Hoppmiljøet har sett mange unge hopparar gjere det store ting ein sesong, berre for å forsvinne til neste sesong. Finske Ville Larinto og Harri Olli er berre to døme på det.

Sistnemnde tok mellom anna tre verdscupsigrar i 2009, men la opp i fjor. Fannemel har ingen planer om å vere ei «døgnfluge» i hoppmiljøet.

– Ikkje i det heile. Eg veit eg har mykje å gå på og vil halde fram med å jobbe. Ein må vere på hogget heile vegen, seier han vel vitande om at han sjølv hadde ein svært tung fjorårssesong.

Sterk lagkjensle

– Skihopping går veldig mykje på sjølvtillit og den kjensla ein har i kroppen. Det er små detaljar i skihopping og skal ikkje så mykje til for å misse dei ti meterane ein gjerne treng for å vere i toppen, seier han.

– Men det er sterk lagkjensle i laget, og vi er flinke til å backe kvarandre opp. Har ein gjort ei dårleg øving, så er du ikkje lenge på hotellet før det er gløymt, legg han til.

Feirar i kveld

Anders Bardal vart søndag den tredje nordmannen som sikra samanlagdsigeren i verdscupen. Frå før er det berre Espen Bredesen (1994) og Vegard Opaas (1987) som har klart det same.

Det veit hopplandslaget å feire når verdscupen skal avsluttast i Kranjska Gora i kveld.

– Det blir vel middag først og så bra underhaldning utover kvelden. Eg trur det er leigd ein utestad der alle blir med på feiringa, seier Fannemel.

– Og for din del vil du vel feire ein god sesong?

– Eg har framleis NM att, så eg vil nok ta det roleg. Men det blir ein veldig kjekk kveld. Det er ikkje kvart år vi har ein på laget som har vunne verdscupen samanlagt, seier Fannemel.