Hopp til innhold

Vil ikkje blande seg inn i språkbruken

Kommunalminister Jan Tore Sanner vil ikkje blande seg inn i kva målform eitt nytt vestlandsfylke skal bruke.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H)

STORFYLKE KAN STYRKE VESTLANDET: Meiner Høgre-statsråd Jan Tore Sanner og meiner det i sin tur kan styrke nynorsken.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Noregs Mållag meiner regionreforma trugar nynorsken og har bede Høgre-statsråden om ein garanti for at nynorsken ikkje blir svekt som følgje av reforma.

Men slike garantiar vil ikkje Sanner gje.

Til kamp for nynorsken

Magne Aasbrenn

UROA: Magne Aasbrenn og Noregs Mållag fryktar for kva som vil skje med nynorsken i ein ny stor vestlandsregion.

Foto: Noregs Mållag

I ein kronikk i Bergens Tidende i byrjinga av september skreiv leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, og lokallagsleiar i Hordaland Mållag, Astrid Helene Olsen, mellom anna:

«I stortingsmeldinga om fylkesreforma står det ikkje eit kløyva ord om nynorsk. Det er skuffande å sjå at Jan Tore Sanner ikkje forstår kor stor verknad arbeidet hans har for hundretusenvis av nynorskbrukarar. Me trur ikkje eit sekund at desse reformene er skapte for å skada nynorsken, men konsekvensane må likevel på bordet – i tillegg til dei gode løysingane, som kan sikra nynorskbrukarane gode språklege rettar i framtida.»

Til NRK gjentok Aasbrenn si frykt for at Bergen som hovudsete i eit nytt storfylke, vil kunne føre til mindre rekruttering av nynorskbrukarar.

– Viss ein sentraliserer, altså at ein flyttar nynorskskrivande arbeidsplassar ut av Sogn og Fjordane. Så vil det bli meir press på dei som skal skrive nynorsk i jobben sin, sa Aasbrenn.

Fryktar språkstrid kan velte heile lasset

I tida etterpå har fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skrive under på ein intensjonsavtale om samanslåing. I den avtalen blir det lagt opp til at administrasjonsspråket i den nye vestlandsregionen skal vere nøytralt.

Dette har fått fleire til å protestere, spesielt her i fylket har fleire krefter teke til orde for at hovudmålet må vere nynorsk.

Det igjen fekk Riksmålsforbundet til å slå alarm, dei fryktar språkstriden kan kome til å torpedere heile vestlandsfylket.

Trur nynorsken kan bli styrka

I eit innlegg sendt til Bergens Tidende før helga svarte kommunal- og moderniseringsminister på Noregs Mållag uro.

I svaret sitt skriv han mellom anna at han som politikar og statsråd ikkje trur at regionreforma er ein trussel mot nynorsken slik mållaget gir uttrykk for.

Vidare held han fast ved at færre, men sterkare fylke er til det beste for alle delar av landet. Og han poengterer:

Når det gjeld spørsmålet om nynorsk som målform i fylkeskommunal forvalting ved større einingar, er det opp til dei einskilde fylka. Det er ikkje naturleg å leggje statlige føringar på dette området.

Jan Tore Sanner

Mållaget ønskte seg ein garanti frå ministeren, om at nynorsken ikkje blir svekka av regionreforma. Det får dei ganske enkelt ikkje. I staden trur Sanner at ein sterk vestlandsregion kan bli bra for nynorsken:

Det ligg ikkje for ein politikar å dele ut garantiar, og særskild ikkje for kva målform innbyggjarane vel å bruke. Eg er meir oppteken av at vi får ei inndeling av kommunar og fylke som gjev oss livskraftige lokalsamfunn og sterke regionale einingar. Her er vi også samde om at eit sterkt vestlandsfylke kan styrkje Vestlandet. Det vil i sin tur også kunne styrkje nynorsken og vere til hjelp for alle som bruker språket.

Jan Tore Sanner