Hopp til innhold

Reparasjon kostar 650.000 kroner – men Gulen kyrkjelege fellesråd vil ikkje betale

Gulen kyrkjelege fellesråd vil ikkje betale Universitetsmuseet i Bergen for restaureringa dei skal gjere på den verna steinkrossen i kommunen, trass i at statsadvokaten har pålagt dei å betale erstatning.

Krossen i Eivindvik

FEKK STORE SKADER: Våren 2012 blei denne steinkrossen skadd då ei stor grein fall over den under trefelling.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Det var i april 2012 at ein av dei to steinkrossane i Eivindvik vart skadd, då ei stor grein fall over den under trefelling. Den såkalla Olavskrossen ved kyrkjegardsmuren vart delt i to.

Årsaka til at kommunen ikkje vil betale, er at muséet ikkje eig krossen. Ei merkeleg haldning, meiner Henrik von Achen, som er fagdirektør på Universitetsmuseet i Bergen.

– Det spelar inga rolle kven som faktisk eig steinkrossen.

Politiet påla Gulen kyrkjelege fellesråd å betale for skadane, men no nektar altså fellesrådet å betale. Fagdirektør von Achen seier at det ikkje har noko å seie kven som eig steinkrossen.

Steinkross i Gulen

VIL IKKJE BETALE: Politiet påla Gulen kyrkjelege fellesråd å betale for skadane, men no nektar altså fellesrådet å betale

Foto: Laila Indrebø / NRK

– Det som er avgjerande her er forskrifta om fagleg ansvarsfordeling etter kulturminnelova. Den tilseier at Universitetsmuséet innanfor sitt distrikt, som også omfattar Gulen, har som oppgåve og ansvar mellom anna å restaurere og byggje opp att freda kulturminne.

I eit dokument som er sendt til Hordaland politidistrikt går Universitetsmuseet gjennom kvifor erstatningskravet er på 650.000 kroner, og kvifor dei skal ha pengane.

Museet meiner dei har gjort ei grundig utgreiing om kva kostnader det vil medføre å restaurere den tusen år gamle steinkrossen.

– Det er mykje som er bygd inn i eit budsjett som vi har kome med etter fleire synfaringar og etter å ha drøfta med andre fagmiljø. Og vi synest ikkje det er rett at det er Universitetsmuseet i Bergen som skal betale.

Kyrkjeverje Trude Brosvik i Gulen vil ikkje kommentere saka før dei og advokaten deira har gått gjennom brevet frå Universitetsmuseet.

Fagdirektør von Achen held fast på at det ikkje er tvil om kven som skal betale.

– Det er dei som har ansvaret for det arbeidet som førte til at krossen vart knekt, og så vidt eg kan forstå må det vere Gulen kyrkjelege fellesråd.