Hopp til innhold

Vil ikkje betale for jaktoppsyn

Politiet vil ha Askvoll kommune til å vere med å betale for jaktoppsyn, men Anders Lien i Kultur- og næringsutvalet i kommunen, seier nei.

Jakt illustrasjon

Illustrasjonsbilete.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det vil vere feil å nytte kommunale ressursar på oppgåver som politiet har fått tildelt, seier Lien.

Politiet i indre Sunnfjord har eit samarbeid om jaktoppsyn med kommunane Gaular, Fjaler, Førde og Naustdal.

I fjor ville ikkje Askvoll vere med, og politiet har på nytt invitert kommunen.

LES ÓG: Rår Askvoll til å vere med

10.000 kroner

Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa, koordinator for miljøsaker i Region Indre Sunnfjord, seier oppsyn er viktig både før, under og etter jakta.

– Då veit folk at vi er ute og at dei kan bli kontrollerte. Då trur vi at fleire vil drive jakt etter reglane, seier Skrøppa.

Han seier at jaktoppsyn ikkje er ei prioritert oppgåve for politiet. For at dei skal kunne ha oppsyn utover normal arbeidstid, må dei ha meir pengar.

Gjennom samarbeidet gjev kommunane 10.000 kroner kvar.

Snikinnføring

Det er ein sum Anders Lien i Askvoll kommune ikkje vil betale.

– Om politiet meiner dei får for lite ressursar, må vi ta den debatten. Men ein må ikkje byrje å snikinnføre det at kommunar skal betale delar av arbeidet til politiet, meiner Lien.

Politiet har dei siste åra fått mange meldingar om mistanke om tjuvjakt i Askvoll. Men Lien meiner det ikkje er nokon god grunn til at kommunane skal betale.

– Eg reknar med at politiet har ein statistikk for kva kommune som har flest fartsoverskridingar. Eg veit ikkje om den kommunen betalar for det?

– Kan få følgjer

Om Askvoll óg i år vel å stå utanfor samarbeidet, betyr det ifølgje Skrøppa mindre oppsyn der enn i kommunane som deltek. Og det trur han kan få følgjer.

– Om dei som jaktar merkar at vi ikkje er til stades i ein kommune, vil det kanskje slå negativt ut, meiner han.

Askvoll kommune skal ta stilling til saka etter sommaren.