Hopp til innhold

Vil ikkje berre ha surmjølk

Noregs Mållag mobiliserer for fullt for å behalde den nynorske mjølkekartongen.

Meieri

Mållaget vil at lettmjølka framleis skal ha nynorske kartongar.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

I dag får du heilmjølk på både bokmål og nynorsk, men i framtida kan den berre bli heitande "melk". Tine meiner nemlig at dei kan spare ein million kroner på å ha produkt på berre ei målform.

HØYR: TVIHELD PÅ MJØLKA

- Vi er redd for at nynorsken skal bli skvisa til dei aller minste produkta. At den ikkje skal vere like synleg på kartongar som i dag, seier Marit Tennebø, som er tilsett i Norges Mållag for å ta opp kampen mot kartongane.

Fryktar surmjølk

For Mållaget fryktar at dei berre blir sittande att med surmjølka når Tine legg fram sine framlegg til framtidige mjølkekartongar. Mållaget fryktar at Tine brukar argumentet for å fjerne nynorsken.

- Vi ynskjer sjølvsagt mest mogleg nynorsk på flest mogleg kartongar. Vi ynskjer ikkje at nynorsken skal vere forbehalden surmjølk og skumma kultur, seier Tennebø.

Vil reindyrke kartongar

Måndag presenterer Tine sine nye mjølkekartongar. Då blir det også klart om til dømes all heilmjølk og lettmjølk skal heite "melk". I staden for både "mjølk" og "melk" som i dag.

- Det vi ynskjer er å lage mjølkekartongar der vi køyrer konsekvent på eitt språk over heile landet. Det betyr at det blir reindyrka bokmålskartongar og tilsvarande nynorsk, seier kommunikasjonssjef i Tine BA, Kari Raunedokken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Ei viktig sak

Norges Mållag mobiliserer no for fullt for å sanke støtte hjå mjølkeprodusentane.

- Det er produsentane som produserer mjølka, og det er dei som eig Tine. For mange produsentar er dette ei viktig sak, seier Tennø og får støtte hjå leiar for produsentlaget i Jølster, Marit Flatjord.

Varslar aksjonar

- Vi brukar nynorsk og meiner det er ein rett vi har å få mjølkekartongane i vår målform, seier ho. Dersom Mållaget får beskjed om at nynorske forbrukarar i framtida må finne seg i å drikke "melk", blir det store aksjonar.

- Då må vi bruke vårt apparat til å aksjonere og gje beskjed om at dette er ei dårleg løysing. Men vi ventar til vi får vite kva som faktisk skjer, seier Tennø.