Hopp til innhold

Vil ikkje at kommunane skal ha ansvar for tannhelsetenesta

Både fylkesordførarane i den nye vestlandsregionen, dei tilsette i tannhelsetenesta, tannlegeforeininga og KS ønskjer at tannhelsetenesta skal vere organisert på eit regionalt nivå.

Jenny Følling

INTENSJONSAVTALE: Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesordførarane i Rogaland og Hordaland vil alle at tannhelsetenesta skal organiserast på eit regionalt nivå.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Gjennom kommunereforma ønskjer regjeringa å flytte tannhelsetenesta frå fylkeskommunen og over til kommunane.

Dette forslaget møter no motstand frå fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland – som saman skal utgjere den nye vestlandsregionen. Fylkesordførar i fylket, Jenny Følling, håper at Stortinget ombestemmer seg når saka skal behandlast i juni 2017.

– I intensjonsavtalen for Vestlandet er eit av premissane for ein region, at tannhelsetenesta skal ligge på ei regionalt nivå, fortel ho.

Vil styrke regionen

Følling er oppteken av at ein ikkje svekker ein nyoppretta region ved å flytte ansvar andre stader.

– Ein kan ikkje flytte oppgåver frå dei folkevalde regionane – ein må jo styrke dei. Tannhelse er ei oppgåve som regionane løyser på ein god måte og det er difor vi meiner at det framleis bør ligge der.

Etter råd frå kommunane har også KS, kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon, gått inn for at regionane skal fortsette å ha ansvaret for tannhelsetenesta.

Problem med rekruttering

Clara Øberg

DIREKTØR: Clara Øberg er direktør for tannhelsetenesta.

Foto: Bård Siem / NRK

Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Clara Øberg, er glad for at politikarane i sin intensjonsavtale går inn for at tannhelsetenesta skal vere på eit regionalt nivå.

– Vi meiner at dette er oppgåver som regionane er best egna til å løyse. Det blir eit større fagmiljø enn når kvar enkelt kommune skal styre dette sjølv, meiner ho.

– Vi har og ei rekrutteringsutfordring på tannlegesida i Sogn og Fjordane. Det gjeld dei minste klinikkane og eg trur det blir lettare med større klinikkar. Dei unge, nyutdanna tannlegane kvir seg for å arbeide aleine på einmannskontor, legg ho til.

– Skeptisk

John Fredrik Svanevik, leiar i Sogn og Fjordane Tannlegeforening

SKEPTISK: Leiar i Sogn og Fjordane Tannlegeforeining, John Svanevik.

Foto: Privat

Heller ikkje Den norske tannlegeforeining er positiv til forslaget om å flytte tannhelsetenesta til kommunane.

John Svanevik er leiar for foreininga i Sogn og Fjordane. Han er ikkje overbevist om at ei slik løysing vil kome forbrukarane til gode.

– I teorien kan det slå begge vegar. Det kan vere småkommunar i dag som ikkje har eit tannhelsetilbod som må reise langt for å få det og at det kan vere positivt for dei. Samtidig er eg redd for at fagmiljøet som er bygd opp blir svekka og difor er eg skeptisk til å forandre på modellen, fortel han.