NRK Meny
Normal

Vil identifisere uekte Astrup-verk

KODE - Kunstmusea i Bergen, vil prøve å finne ut kva Astrup-måleri som er ekte og kva som er kopiar.

Knut Ormhaug

VIL FINNE UT: Knut Ormhaug (t.v.) og KODE - Kunstmusea i Bergen vil forsøke å avdekke kva Astrup-verk som eigentleg er kopiar.

Foto: Fotomontasje: Dag Fosse (Bergen Kunstmuseum)/Privat/NRK.no

Sjefkonservator Knut Ormhaug ved museet håpar å komme i gang med arbeidet i løpet av neste år.

– Det er sjølvsagt eit forskingsarbeid som er veldig grundig og tidkrevjande, seier han.

Kjeda seg på Jølsteer

Det er ei svært så aktuell problemstilling Ormhaug og Bergen Kunstmuseum ynskjer å finne ut av. For som 15-16-åring kopierte Nikolai Astrup Geelmuyden eit ukjent tal av bestefaren, jølsterkunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928), sine bilete. Kor mange og kvar desse er no, veit han ikkje.

I dag er Astrup ein av landets mest kjende kunstnarar. Bilete blir på auksjonar omsett for millionar av kroner.

– Eg flytta til Jølster, som var ei avsides bygd. Hadde teikna og måla mykje før, og kjeda meg på Jølster. Då eg såg lerreta liggje der, så byrja eg å måle, seier det i dag 82 år gamle barnebarnet til Astrup.

Fleire kan ha tatt feil

Astrup-eksptert Øystein Loge oppmodar om at KODE og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, i samarbeid med Astrup Geelmuyden, identifisere uekte Astrup-verk.

– Det kan tenkast fleire tilfelle der nokon har teke feil på ein eller annan måte, og tenkt at det er ein Astrup, seier Loge.

– Tidkrevjande arbeid

KODE set på nærare 60 Astrup-måleri, men Ormhaug ved museet trur ikkje at nokon av desse er uekte.

Han seier det vil vere eit tidkrevjande arbeid å luke ut det som er Astrup-kopiar.

– Det er eit vitskapeleg arbeid som må vere veldig grundig. I den grad det er tvil om verk er ekte, så må ein gå igjennom desse bileta frå det som heng på veggen og tilbake til kunstnarens pensel, seier han.

– Interessant

Gunnar Krogh Hansen ved Blomqvist kunsthandel, som opp gjennom åra har seld fleire Astrup-måleri, meiner dei nye opplysningane frå Astrup Geelmuyden interessante.

– For det første er det ei litt morosam historie kunsthistorisk, men også ei tragisk historie dersom folk har brukt mykje pengar på eit bilete dei trudde er måla av Astrup og så er det ikkje det, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.