NRK Meny
Normal

Vil hjelpe dei som ikkje har råd til dyre kjolar

Det er eit stort kjøpepress på unge jenter som skal på skuleball, meiner Katrine Laukeland frå Førde. Difor lånar ho ut dei gamle ballkjolane sine.

Katrine Laukeland

FLEIRE: Katrine Laukeland har allereie fått førespurnad frå fleire som vil låne kjole til juleballet.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

– Eg vil gi dei som eigentleg ikkje har pengar til det, sjansen til å føle seg som ei prinsesse den eine kvelden. Eg meiner alle må få lov til å føle seg bra, seier Katrine Laukeland.

Ballkjolar

DESSE: Det er desse ballkjolane Katrine Laukeland vil låne bort.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Kjolar til fleire tusen kroner og skyss i limousin har ført til at juleball har hamna i fokus dei siste åra. Seksten år gamle Katrine Laukeland frå Førde bestemte seg for å hjelpe dei som ikkje har råd til dyre kjolar, ved å låne ut sine gamle. Ho meiner unge jenter har eit stort press på seg.

– Den eine gangen eg var på juleball, så vart det snakka om prisar og folk fekk spørsmål om kor mykje deira kjole hadde kosta. Kjem du då med ein billig kjole så blir det lagt merke til, og ein kan få kommentarar.

Rask respons

Laukeland fortel at ho allereie har fått fleire førespurnader på å få låne kjole, etter at ho la ut tilbod om det på Facebook.

– Ein førespurnad kom frå ei mor som var uroa for presset på ungdomsskulen. Ho håpte at ein lånt kjole kunne få dottera til å føle seg fin, utan at ho måtte bruke så masse pengar.

For stort press

Camilla Bauge

DUMT: Camilla Bauge synest det er dumt dersom jenter føler seg pressa til å kjøpe dyr kjole til juleballet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Heilt ned i åttandeklasse bruker jenter fleire tusen kroner på kjole til juleball. Ved Hafstad vidaregåande skule i Førde meiner jentene at presset har blitt for stort. Ei av dei er Camilla Bauge.

– Det er dumt at folk føler eit slikt press, for kjolane kan vere veldig dyre. Det er dumt om folk ikkje har pengar til det.

Åge Stafsnes

KJØPEPRESS: Åge Stafsnes er rektor på Halbrend skule i Førde. Han meiner det er viktig å redusere kjøpepresset.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Det har dei siste åra vore mykje snakk om pengebruk og kjøpepress rundt skuleball og fleire stader har ball blitt avlyst. Rektor ved Halbrend skule i Førde, Åge Stafsnes, meiner det er viktig å redusere kjøpepresset ved skuleball.

– Det er naturleg at unge jenter som skal på ball tenker på korleis dei ser ut, slik har det nok alltid vore. Det er viktig å redusere fokuset på det, og på at ting skal koste mest mogleg.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast