Stortingskandidat Mathias Råheim seier partiet vil ha ei grundig vurdering i botn før det blir aktuelt å verne fleire laksefjordar.
- Må evaluerast
Då høgre sin miljøvernminister Børge Brende deltok på Sogn og Fjordane Høgre sitt årsmøte tidlegare i år, ville han ikkje seie noko om partiet sitt standpunkt i laksefjordsaka. Men no vil altså landsmøtet stogge vern av fleire laksefjordar fram til konsekvensane er grundig evaluert. Råheim seier det også får følgjer for Førdefjorden, sjølv om det berre gjenstår stortingsbehandling, etter ei klar tilråding om vern frå Direktoratet for Naturforvalting.
- Vi har så mykje mineralførekomstar i Sogn og Fjordane vi må utnytte betre. Heller ikkje reiselivet må vi leggje band på. Det er ganske mange fjordar som det er restriksjonar på, og det som er gjort der må evaluerast før ein går vidare. Det er ikkje sikkert det er nokon krasj mellom villaksen og oppdrettsnæringa. seier Råheim.