Hopp til innhold

Vil helst vere åleine

Høgskulen i Sogn og Fjordane vil ikkje slå seg saman med nokon andre institusjonar på Vestlandet. Det er administrasjonen si tilråding før styremøtet i neste veke.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

STÅR STERKT ÅLEINE: Høgskulen i Sogn og Fjordane Vil helst halde fram som sjølvstendig høgskule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Regjeringa har bede alle høgskulane og universiteta om å greie ut samanslåing. Viserektor Terje Bjelle meiner dei står sterkast åleine.

-Vi går primært for å halde fram som sjølvstendig Høgskule. Vi meiner vi har såpass mange kvalitetar som vi vil vere best i stand til å føre vidare som sjølvstendig høgskule.

Ved å halde fram som sjølvstendig høgskule meiner Bjelle at dei får olbogerom til å tenke strategisk, og fortsette å satse på å utvikle gode studiestader i Sogndal og Førde

- Kvifor stretar de så i mot ynskje frå departementet?

Terje Bjelle

SAMARBEID IKKJE SAMANSLÅING: Viserektor Terje Bjelle

Foto: Anders Veberg / NRK

– Vi er bedne om å gjere ei vurdering av kva som skal til for at vi kan halde god kvalitet på det vi driv med framover. I det å vere sjølvstendig høgskule ligg det og at vi skal samarbeide. Det er heilt naudsynt for oss på ein god del utdanningar, og det har vi tenkt å halde fram med.

Har ein plan B

Men sjølv som Bjelle helst vil styre i eige hus, så har dei ein plan B. I saka som dei har førebudd til styremøtet i neste veke er det peika på at det finst mange alternativ i form av høgskular både sør og nord om fylkesgrensa.

– Vi har ikkje vore tydlege på å prioritere, men det som har vore linja vår så langt er eit stort samarbeid på Vestlandet. Eit samarbeid som omfattar både Universitetet og Høgskulen i Bergen, oss, Høgskulen Stord-Haugesund og Høgskulen i Volda. Viss ein skal lese seg til ein plan B så er det kanskje noko i den retninga vi vil ha mest tru på.

Og på styremøte i neste veke skal Høgskulen i Sogn og Fjordane vedta sitt endelege syn i saka.