NRK Meny
Normal

Vil heller bruke føden på Voss

Det er ikkje aktuelt å stille opp med jordmor-ressursar for å få til ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

Lærdal sjukehus

JORDMORSTYRT: Fødestova her på Lærdal sjukehus lokkar ikkje aurlendingar utan legar i beredskap.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det har kommunestyret i Aurland vedteke i ei fråsegn.

I dag nyttar fødande i Aurland fødetilbodet på Voss.

Stengt sidan i sommar

Noralv Distad

STILLE KRAV: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

–Kommunestyret har sagt at per i dag er Lærdal ikkje eit alternativ for Aurland. Dette er eit tilbod som av dei fødande ikkje blir vudert til å vere godt nok, og då nyttar dei eit anna tilbod, seier ordførar Noralv Distad (H).

Regjeringa har vedteke at fødestova ved Lærdal sjukehus, som fram til i sommar hadde status som forsterka fødestove med gynekolog, i framtida skal vere jordmorstyrt.

Men Helse Førde har ikkje makta å rekkruttere naudsynte fagfolk, og fødestova i Lærdal har i praksis vore stengt sidan i sommar. Dermed må indre-sogningane til Førde eller Voss for å føde.

Krev legar

Ein kan ikkje rekne med drahjelp frå Aurland, så lenge ein ikkje lenger skal ha tilgang til fødselslege og anestesilege, fastslår Distad.

– Skal Lærdal bli eit tilbod for fødande i Aurland, må ein få på plass eit tilbod som inneheld fødsels- og anestesilege, seier ordføraren.

Han viser til at Aurland i utgangspunktet heller ikkje har jordmorressursar å avse. Kommunen har i dag jordmor i 35 prosent stilling.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast