Vil hauste kamskjel for millionar

Selskapet Hotate AS ønskjer å bruke havområdet rundt Atløyna, Tviberg, Moldøyna og Smelvær til havbeite for store kamskjel, det skriv Firda. – Vi har enorme verdiar som ligg på havbotnen i form av ville skjel og muslingar. Skal vi hauste av bestandane på ein berekraftig måte, er det i distrikta dette skjer, seier Knut Magnus Persson til avisa.

Biletet er frå Tviberg på Atløy.
Foto: @leminia_anitahsiljander