Vil halvere bruken av uønska deltid

Fylkeskommunen vil halvere bruken av uønska deltid innan utgangen av 2012.

Illustrasjonsfoto: www.colorbox.com

mange kvinner som jobbar deltid ønskjer seg meir arbeid.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Det er særleg kvinnelege tilsette innan undervisning og reinhald fylkeskommunen ønskjer å sette fokus på.

Tiltaka vert føreslege i den nye Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald for perioden 2009 - 2012.

Ønskjer meir arbeid

Reduksjon av deltidsarbeid har vist seg å vera eit tiltak som gjev resultat i arbeidet med å redusera lønsskilnaden mellom kjønna.

I dag arbeider ein tredel av dei tilsette i fylkeskommunen deltid. Samstundes viser undersøkingar at om lag 100 av desse ønskjer å arbeide meir enn kva dei gjer i dag.