Hopp til innhold

Står samla om skulestrukturen i Nordfjord

Nordfjordrådet meiner at alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord må bli verande slik dei er i dag.

Sven Flo og Alfred Bjørlo

SAMDE: Sven Flo i Stryn og Alfred Bjørlo i Eid er saman med dei andre i Nordfjordrådet samde om å halde på fire vidaregåande skular.

Foto: Lillesvangstu / NRK

Det ligg an til store endringar i den vidaregåande skulen her i fylket i framtida. Førre veke gjekk ordførarane i Sunnfjord ut og sa at dei ikkje godtek at det blir kutta i elevplassar i den regionen. I Nordfjord er dei minst like klokkeklare i sin uttale.

Morten Hagen (H) i Vågsøy, Sven Flo (H) i Stryn og Alfred Bjørlo (V) i Eid og dei andre ordførarane i Nordfjordrådet var alle samde om kva dei skal meine om dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord i framtida.

Står samla om kravet

– Det er ingen grunn til at den strukturen skal vere annleis i framtida. Alle fire skulane vil vere blant dei åtte største skulane i fylket. Vi står samla at det er den rette strukturen for Nordfjord i framtida, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V)

I juni skal fylkespolitikarane vedta kva skular som skal leggjast ned, kva linjer som skal flyttast og kva skular som får fleire elevar.

Førre veke sa ordførarane i Sunnfjord at det er uakseptabelt å kutta elevplassar i Sunnfjord, skulane i Indre Sogn har sagt at dei kan samarbeide.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

HEILT SAMD: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, er heilt klart på at ein vil kjempe for dagens skulestruktur.

Foto: NRK

– Vi er heilt samde

I Nordfjord kjem dei fire skulane ut med veldigulike utgangspunkt i rapporten til Norconsult. Firda og Eid går det bra med, Stryn og Måløy er føreslege nedlagt.

– Utgangspunktet vårt blir jo litt ulikt ut frå den rapporten, men resultatet er at vi er heilt samde og vi har ikkje vore usamde heller, seier ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

Han får full støtte for sitt syn frå ordførar i Stryn, Sven Flo.

– Det er høgst realistisk at vi får det til. Vi har heilt klart det for auge at vi skal vidareføre skulestrukturen, sler Flo fast.