Hopp til innhold

Dette var ikkje ein brann ute av kontroll

Ei stor røyksky over fjellet på Stadlandet kunne få folk til å frykte det verste. Men det var noko heilt anna – lokale bønder som prøver å halde liv i ein gammal tradisjon.

Kurs i lyngheibrenning på Stadlandet

FULL KONTROLL: Røyken over fjellet på Stadlandet var ikkje ein brann i terrenget ute av kontroll. I staden var det lokale bønder som prøver å halde liv i ein gamal tradisjon, nemleg lyngheibrenning.

Foto: Tor Sivertstøl

– Vi ser at beitedyra våre ikkje strekkjer til, og difor må vi fysisk gå ut å brenne ned terreng for å forbetre beitekvaliteten og hindre større brannfare, seier Miriam Friberg.

Ho er leiar i Selje sau og geit, og står bak brenninga i fjellsida mellom Sjåstadvarden og Lundebrekkhornet i Selje.

Etter mange dramatiske brannar i terrenget i Sør-Norge dei siste vekene, kunne synet verke skremmande. Laurdag ettermiddag brenn det igjen i Sør-Trøndelag, og eit skogbrannhelikopter er send til staden der to brannar er ute av kontroll.

Men røykskya over Stadlandet laurdag kom frå kontrollert brenning i terrenget.

Over 20 personar hadde samla seg i det opne landskapet for å bli kursa i såkalla lyngheibrenning.

– Dette er ein gamal tradisjon som er i ferd med å forsvinne, seier Friberg.

– Uheldig med tett og høg vegetasjon

Frå kurs i lyngheibrenning på Stadlandet

KONTROLLERT: Slik brenning skjer på ein kontrollert måte, og det er fleire personar til stades for å sjå til at det skjer på forsvarleg vis.

Foto: Gunn Sande

I det milde klimaet på Stadlandet i Selje er det framleis ein del dyr som går ute også om vinteren. Men det er ikkje mange nok til å halde vegetasjonen nede.

Over år har lyng og einer vakse seg høge og store, noko som kan vere problematisk av fleire grunnar.

Brannsjef i Selje, Steinar Hatlelid, var ikkje i tvil om å seie ja til kurset då han fekk førespurnaden.

– Det å brenne lyng i terrenget har skjedd i fleire hundre år. Men slik det har blitt no, med færre husdyr, har vegetasjonen blitt berre høgare og høgare.

– Det betyr dårlegare beite for dyra, og om det skulle oppstå brann i terrenget vil det vere mykje vanskelegare å få bukt med den fordi det er så mykje flammane kan ta fatt i, seier han til NRK.no.

– Viktig brannførebyggande tiltak

Han seier brenning av lynghei i kontrollerte former, som i dag, er eit av dei beste brannførebyggande tiltaka ein har i terrenget.

– Slik som no er det heilt ideelt å brenne. Det er tele i marka, så det er berre overflata som blir svidd av. Røtene står intakt og kan spire opp at og gje gode beiteforhold, seier brannsjefen.

Og når ein skal drive med lyngheibrenning må ein vite kva ein driv med. Ekspertise var henta inn frå Lyngheisenteret i Nordhordland, og Mons Kvamme viste dei lokale bøndene korleis dei skulle gå fram for å svi av terrenget på ein sikker og effektiv måte.

(Artikkelen held fram under)

Skog svidd av i Malvik

SKOGBRANN: Fleire skogbrannar har dei siste vekene herja i Sør-Trøndelag. Biletet er frå Malvik.

Foto: Joar Elgåen/NRK

Nyttig lærdom for fleire

Brannsjef Steinar Hatlelid seier det er svært nyttig for både brannvesen og bønder å få vere med på slike kurs.

Mons Kvamme og Miriam Friberg

KURS: Mons Kvamme var hyra inn frå Lyngheisenteret i Nordhordland av Miriam Friberg. Ho er leiar i Selje sau og geit som står bak kurset i lyngheibrenning.

Foto: Privat

– Noko av det viktigaste er å passe på at vinden ikkje er for sterk, og det mest ideelle er å brenne mot vinden. Då går det veldig sakte og det er lett å ha kontroll.

– Men i dag måtte vi brenne med vinden, fordi det var så fuktig i terrenget at det var vanskeleg å få fyr, seier brannsjefen.

Det er også viktig å vere mange nok personar, slik at ein er trygg på å ha kontroll over elden.

– Ein må ha ein front, og kontrollere flankane, slik at ikkje elden spreier seg i vifteform, så går ein bak og sløkkjer. Då brenner det sakte og fint, seier Hatlelid.

– Kjempeviktig å bringe kunnskapen vidare

Miriam Friberg i Selje geit og sau er godt nøgd med oppmøte på kurset, og trur dette er eit viktig tiltak for å halde den gamle tradisjonen i hevd.

– Dette er ein tradisjon som er i ferd må døy ut saman med den generasjonen som no avviklar gardsdrifta si.

– Det å bringe denne kunnskapen vidare er kjempeviktig, spesielt med tanke på den store brannfaren som er i utmarka når det gror slik til, seier ho.