Hopp til innhold

Tek initiativ til å få Wordfeud på nynorsk

Eid kommune og Eid Målungdom ber Landslaget for Nynorskkommunar ta initiativ til å få på plass ei nynorskutgåve av spelet Wordfeud.

Bjørlo og Wordfeud

VIKTIG: Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Eid Målungdom meiner det er viktig å få på plass ein nynorsk-versjon av Wordfeud snarast råd.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Wordfeud er eit ordspel a la Scrabble for smarttelefonar. Spelet har det siste året vorte enormt populært i Norge, og er lasta ned av nær éin million nordmenn.

For mange born og unge er Wordfeud eit effektivt og kjekt verktøy for å bli betre i språk, ordforråd og rettskriving. Men til no finst ikkje spelet på nynorsk. Det vil Bjørlo og målungdommen i Eid ha ei endring på.

– Skal vi sikre nynorsken si framtid, er det utruleg viktig at born og unge får møte nynorsk i kvardagen og der dei er til dagleg, seier Eid-ordførar, Alfred Bjørlo.

Går saman for å lage trøkk

Wordfeud er blitt eitt av dei mest populære ordspel på nett nokon sinne og titusenvis av born og vaksne brukar det.

– Men nynorsktalande born og unge kan i dag berre drive ordleik på nett på bokmål, og ikkje på nynorsk. Det meiner vi det må gjerast nok med så raskt som råd, seier Bjørlo.

– Vi tek no eit initiativ saman, eg som ordførar i Eid, og den nyskipa målungdommen på Eid. Vi utfordrar landslaget for nynorskkommunar og Mållaget til å ta tak i denne saka på vegner av heile nynorsk-Norge, for å vise at det er eit samla trøkk og engasjement bak dette, seier Bjørlo.

Trur det er viktig for språkopplæring

Koplinga til kommunen er mellom anna det som går på språkopplæring i skulen der ei treng nye digitale verkemiddel.

– Wordfeud på nynorsk vil vere eit fantastisk verkemiddel også i opplæring av nynorsk- og bokmålslærande ungdom for å bli van med å leike med ord på nynorsk, seier Bjørlo.

Han meiner det er ei kopling her. Han trur born og unge treng å møte nynorsk på digitale platformer der dei brukar mykje tid.

– Mykje av språkundervisninga går føre seg også på nett. Å ha slike ting tilgjengeleg, vil vere eit viktig verkemiddel, seier Bjørlo.

Viktig også for bokmålsungdom

Han legg til at å få Wordfeud på nynorsk ikkje minst vil vere viktig for dei som ikkje naturleg har eit forhold til nynorsk.

– Det er nesten vel så viktig for bokmålstalande ungdom. Sidemålsdebatten kjem ein stadig tilbake til, og ein del bokmålssnakkande ungdom klagar over at nynorsk er vanskeleg, seier Bjørlo.

Han trur dei vil ha stor nytte av å kunne lære seg nynorsk gjennom Wordfeud.

– Eg trur det vil vere eit kvantesprang framover for entusiasmen rundt nynorsk og moglegheita for å lære nynorsk på ein kjekk og morosam måte, også for bokmålsbrukande born og unge, seier Bjørlo.

Ønskjer felles initiativ

Dei har ikkje kontakta programvareutviklaren til Wordfeud.

– Vi tykkjer det blir feil at vi som ei einskildkommune skal byrje å direkte jobbe opp mot programvareutviklar. Det er difor vi tek eit initiativ opp mot dei nasjonale organisasjonane, slik at dei kan løfte saka som eit felles ønskje frå heile nynorsk-Norge, seier Bjørlo.


Dei er også kjende med at leiaren i Norsk Målungdom er positiv til at fleire kjem på bana med dette ønsket.

– Dette meiner eg er mogleg å få til ganske fort. Det viktigaste her er at dei som lagar programmet får tilgang til norsk ordbank på nynorsk gratis. Då trur eg dette går raskt, seier Bjørlo.
Sjølv kan han knapt vente.

– Eg gler meg intenst til å spele Wordfeud på nynorsk, seier Bjørlo.