NRK Meny
Normal

Vil ha virituell samorganisering - men det vil ikkje DSB-sjefen

FØRDE (NRK): Både KS og Alarmsentralen håpar at 110-sentralane kan få såkalla virtuell samorganisering. Det inneber at telefonar til 110 går til den første ledige operatøren uansett kvar det er.

Følling og Brandsøy

UROA: KS-leiar Jenny Følling og leiar for 110-sentralen, Terje Brandsøy.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i avdeling for brann og redning i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ikkje utan vidare med på det.

– Det vi jobbar med er å fastsetje nye 110-regionar, knytte til nærpolitireforma, seier Anne Rygh Pedersen i DSB.

Saman med Politidirektoratet skal DSB jobbe fram samlokaliserte naudmeldingssentralar i løpet av dei næraste åra.

– I dei områda av landet der det kanskje tek litt tid før vi får på plass den fysiske samlokaliseringa, så kan dette vere eit godt skritt på vegen, seier Rygh Pedersen.

Kan ikkje erstatte fysisk kontakt

Ho understrekar likevel at det ikkje kan erstatte at ein skal organisere seg vegg i vegg.

– Det vil ikkje erstatte den fysiske kontakten og den direkte dialogen, seier Rygh Pedersen.

Ho presiserer at det i oppdraget DSB har fått er presisert at det skal vere lokalisering vegg-i-vegg av brannalarmsentral og politiets naudsentral.

– Det opplever ikkje eg at dette forslaget ivaretek, seier Rygh Pedersen.

Anne Rygh Pedersen

NEI: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

På dialogkonferansen i Førde i dag var det stor oppslutnad blant dei frammøtte om dette forslaget.

– Det handlar nok om at ein veit kva ein har og at ein er nøgd med det her i Sogn og Fjordane. Og så er det ein måte å prøve å unngå dei endringane som vi meiner er naudsynte for å få ei ny naudmeldeteneste, seier Rygh Pedersen.

Uroa for å ikkje bli høyrd

Leiar ved 110-sentralen i Florø, Terje Brandsøy, er uroa for om Rygh Pedersen tek med seg innspela som kom fram på konferansen.

- Vi er uroa for det som vert presentert. Eg håpar vi kanskje kan nå fram med innspela, slik at vi får det skikkeleg vurdert før det blir teke ei endeleg avgjerd, seier Brandsøy.

Han peikar på at i Sogn og Fjordane er politi og 110-sentralen samlokaliserte.

- Det irriterer meg litt at dei ikkje har fått med seg det. Vi har vore samlokalisert sidan 2008, seier Brandsøy.

Han seier dei ønskjer å halde fram med organiseringa ein har i Florø i dag, men heller får ein satellittfunksjon og eit nærare samarbeid med Hordaland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser