Hopp til innhold

Vil ha verdscupsirkuset til Sogndalsdalen

Gjengen bak Bratt Moro legg bak seg ei hektisk helg. No skal dei ta stilling til om dei vil bli del av verdscupsirkuset i frikøyring.

Tor Yttri

VERDSCUP: Bratt Moro og styreleiar Tor Yttri hadde i helga ein representant frå FET-systemet på besøk for å sjå på moglegheitene om å bli del av verdscupen i frikøyring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein representant frå arrangørane bak verdscuprenna i frikøyring var også der for å lokke Bratt Moro med på verdscupsirkuset.

– Vi er invitert til å bli med i verdscupsirkuset saman med stader som Verbier, Chamonix og Sotsji. Det er mange spennande ting vi må sjå på, seier styreleiar Tor Yttri.

Tilsett professor

Gjengen bak Fjellsportfestivalen har ei god kjensle etter tidenes største skifestival. Dei meiner å ha funne rette storleiken med 1.300 selde festivalpass.

No vil dei jobbe med kvaliteten på det dei jobbar med, og har mellom anna tilsett ein skotsk professor i festivalorganisasjon, for å stake ut kursen vidare.

Stein Torleif Bjella rigga seg til på 1000 meters høgde og hels konsert under Fjellsportfestivalen i Sogndal. Foto: Terje Gilleshammer

SJÅ VIDEO: Laurdag spelte Stein Torleif Bjella ein ganske annleis konsert, 1.000 meter over havet i Sogndal. (FOTO/REDIGERING: TERJE GILLESHAMMER/NRK)

Mellom anna skal dei ta stilling til om dei skal vere med på verdscupen.

– Det er kjekt å bli spurt om å vere med, men andre må også vere med i biletet, seier Yttri.

Ressurskrevjande

Fersk festivalsjef

FESTIVALSJEF: Rosa Marie Skovli Øyrehagen er både arrangementssjef i Bratt Moro og festivalsjef for Fjellsportfestivalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Arrangementssjef Rosa Marie Skovli Øyrehagen tykkjer det er ein interessant tanke, men at det vil bli ressurskrevjande om verdscupsirkuset skal ta over Sogndalsdalen.

– Vi har eit utruleg stort frivillig apparat i dag, og skal vi i tillegg ha verdscupen, så må vi hente inn ekstremt mykje ressursar. Vi må ha endå meir logistikk, infrastruktur og større tryggingsapparat. Verdscupen krev også større fjellsider å køyre i, seier ho.

Kostar 3,5 millionar

Det vil koste kring 3,5 millionar kroner å bli destinasjon for verdscupen. Dette er midlar Bratt Moro ikkje har i dag.

– Difor avheng vi av gode samarbeidspartnarar, som har tru på at dette er spennande og bra for Sogndal å prøve seg på, seier ho.

– Er det realistisk å få til?

– Det trur eg, men samstundes må ein verkeleg ville det og ha ein god plan.

Tidlegast i 2017

Fjellsportfestivalen sysselset allereie i dag eit stort korps med frivillige. Eit verdscuprenn vil krevje endå meir. Overnattingskapasiteten er allereie i dag sprengd under festivalhelga.

– Akkurat no er vi nøgde med Fjellsportfestivalen, så får vi sjå om vi får verdscuprenna inn i planen tidlegare eller seinare på året i 2017, seier ho.

Styreleiar Yttri meiner det er viktig å våge å satse.

– Fylket må vere offensive på nokre område, og eg trur vi må spele vidare på naturkvaliteter og kunnskapar som er i Sogn og Fjordane. Der er vi heilt unike, avsluttar han.