Hopp til innhold

Kjøparen døydde, verftet gjekk konkurs - no ligg spøkelsesyachten i fjordbygda

I den idylliske bygda Vevring i Førdefjorden skuggar eit stort spøkelsesskip for utsikta. Ingen i bygda veit kven som eig skroget. Og han som ein gong skulle kjøpe det døydde av hjerneslag.

Skandaleyacht til fleire hundre millionar ligg stranda i Vevring.

Rust mot velstelte blomster i den vesle fjordbygda. Magny Thingnes har fått noko stort i nabolaget som ho ikkje vil ha der. På ei kai Vevring ligg spøkelsesskipet.

– Vi har ei fin utsikt, men den båten der inne, den kan gjerne forsvinne. Eg vil helst ha båten vekk. Eg har høyrd rykter om amerikanarar, og at det skal vere eit slags konkursbo.

For i Vevring, langt inne i den idyliske Førdefjorden, ligg det no et enormt og rustent spøkelsesskip på 85 meter, som ingen her veit kven som eig. Ryktene i bygda har gått om kvar skroget kjem frå og kva skip det eigentleg er.

Skulle bli luksus

Robert Landøy er ein av dei som er usikre på kva slags skute som har kome til Vevring.

– For meg så er det eit gamalt og øydelagt, og ikkje noko nokon vil ha. Og då ligg det vel her inntil nokon gidder å gjere noko meir med det. Kanskje eg kan kjøpe den?

– Har du 800 millionar kroner?

– Nei, ikkje 800…

For det er nemleg prislappen for spøkelsesskipet i Førdefjorden. PJ 801 skulle ein gong bli eit av dei mest lukseriøse og største yachtane som nokon gong har vore bygd i Norge.

Kjøparen fekk slag

Historien starta på eit verft i Kvinesdal. Verftet hadde blitt kjøpt opp av ei amerikansk verftseigar i 2008 og skulle satse på superyachtar.

– Han bestemte seg då for å byggje ein serie med explorer yacht. Desse båtane måtte han byggje i Norge fordi det var kun der ein hadde kunnskap om å byggje slike båtar, seier Sigurd Fanuelsen, tidlegare dagleg leiar for Palmer Johnsen Norway.

Arbeidet starta med den første, og dei hadde funne ein kjøper til yachten til 800 millionar kroner. Ein russar som hadde blitt milliardær på jus og melk.

– Vi hadde møte med han på ein tirsdag og på onsdagen fekk han hjerneslag og det var den kjøparen... Men den vil bli ferdigstilt, det er brukt altfor mykje pengar per i dag, fortel Fanuelsen.

Vil ha skroget vekk

Sidan den gongen har det ikkje vore fleire kjøparar, og i 2012 gjekk verftet konkurs. Fem år etter at bygginga av yachten starta, ligg den altså no i en fjord i Sogn og Fjordane, og venter på en eigar.

Spøkelseskipet skal flyttast til eit verft i Florø, noko nabo Magny Thingnes håpar skjer fort.

– Den må vekk, meiner Thingnes.