Hopp til innhold

Vil ha vekk PC-ar og vimplar frå frontruta

Statens vegvesen må ofte stoppe sjåførar som har gjenstandar i frontruta på bilen.

Tørka handkle i vindauget

TØRKA HANDKLE: Dette er ingen god ide, meiner vegvesenet. Dei er heller ikkje begeistra for vimplar og anna pynt. Biletet er frå ein kontroll tidlegare i veka.

Foto: Svein Arne Henjesand/Statens vegvesen

– Det blir meir av det. Vi har stoppa sjåførar som har sett opp eit lite bord med PC, eller har vimplar eller anna pynt i rutene, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Torsdag var det kontroll ved Kjøs i Hornindal. To lastebilsjåførar måtte rydde i frontrutene sine før dei fekk køyre vidare.

Tørka handkle

Tidlegare i veka fekk fire bruksforbod for å ha gjenstandar i siktsona, også dette på Kjøs. Heller ikkje desse sjåførane fekk køyre vidare før det var rydda. Ein av sjåførane tørka handkle i førarhuset. Han blei politimeld etter å ha blitt stoppa fleire gonger med gjenstandar i siktsona.

Onsdag stoppa vegvesenet ein estlendar i Lærdal. Der blei det raskt avdekka at han få timar tidlegare hadde blitt stoppa i Bergen. Her hadde han fått bruksforbod fordi han hadde eit bord med diverse krimskrams på i frontruta, noko Vegvesenet meinte hindra for sikta hans. Sjåføren plukka ned bordet og fekk reise vidare. Då han blei stoppa i Lærdal, var bordet på plass igjen.

Gausdal seier at gjenstandar i frontruta er noko vegvesenet har fokus på.

– Faren ved å ha gjenstandar i frontruta, er at det er lett å oversjå fotgjengarar og bilar på høgre sida der ein har dårleg vinkel. Blindsona er stor nok frå før.

Fare for tryggleiken

Han viser til ein informasjonsfilm frå Statens vegvesen som er laga for å illustrere kva blindsona til sjåføren kan skjule.

– Mange har sikkert sett kampanjen der ein kan sjå kor mange som kan gøyme seg utan at sjåføren ser syklistane. Då bør ikkje desse vinklane lagast større. Om sjåføren i tillegg ser på PC-en medan han køyrer, er merksemda ein heilt annan stad enn der den skal vere.

– Avdekkjer de gjenstandar i frontruta både hos yrkessjåførar og privatsjåførar?

– Det er særleg på yrkessjåførsida vi ser dette, og det er store køyretøya som har dei store blindsonene. Men vi ser det også i personbilar, der ungdommar køyrer rundt med Wunderbaum og terningar i frontruta. Dette forstyrrar og er sikthindringar.

Dei som blir stoppa får ikkje køyre vidare før gjenstandane er fjerne. Nokre blir også politimelde.

– Det skal ikkje vere hindringar i frontruta og på siderutene, seier Gausdal.