DYRT: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen fortel at han berre brukte fluorprodukt under nasjonalen renn, fordi alle andre gjorde det. Skulle han brukt topprodukta heile sesongen trur han prisen hadde kom opp mot 50.000 kroner.
Foto: Brit Baldishol– I nasjonale renn som hovudlandsrennet må vi bruka det. Elles er vi sjanselause, seier nybakt juniorverdsmeister, Jon Rolf Skamo Hope.
Det han må bruka er skismørjing som inneheld fluorstoff. Dette er eit produkt som gjev betre glid, men kan koste fleire hundre kroner kvar gong ein smørjer skia og er helsefarleg (ekstern lenke).
Over heile landet utset foreldre seg for helsefaren ved å smørje skia til barna sine med fluorprodukt, utan å bruka rett verneutstyr.
Kampanjen «Tøffast utan fluor» vart starta etter at ei trebarnsmor døydde av nyrekreft. Kreftspesialistane hevdar at fluorstoffa i skismørjinga var årsaka til kreften.
– Ingenting i barneidretten å gjera
«Tøffast utan fluor»-kampanjen har eit klart mål.
– Vi vil ha vekk fluorprodukt frå alle barne- og ungdomsrenn. Det har ingenting i barneidretten å gjera, seier Torbjørn Hundere, som er ein av personane bak kampanjen.
INITIATIV: Torbjørn Hundere er ein av dei som står bak kampanjen «Tøffast utan fluor».
Foto: PrivatUtstyrshysteri dei siste åra har gjort skisporten dyrare. Både utstyr og jakta på den beste gliden kostar store summar. Det bekymrar Sogn og Fjordane skikrins.
– Vi oppmodar folk til å ikkje bruke desse dyre smørjeprodukta. Det er å kaste pengar ut gjennom glaset, seier nestleiar i Sogn og Fjordane skikrins, Finn Årdal.
Han var nyleg på ungdommens Holmenkollrenn med dottera si på 13 år, og reknar med dei fleste andre brukte fluorprodukt under skia.
Denne helga vert Hovudlandsrennet arrangert på Tolga. Rennet er som NM for utøvarar i 15-16-årsklassen, og om lag 1000 utøvarar frå heile landet står på start.
– Målet vårt for framtida er at alle renn for utøvarar under 16 år skal vera fluorfrie, seier smørjesjef i Team Asker, Vegard Kvisle.
SMØRJEBU: Nestleiar i Sogn og Fjordane skikrins, Finn Årdal, har som mange si eiga smørjebu heime. Her brukar han ikkje maske, men han har det tilgjengeleg om det trengst.
Foto: Thomas Brakstad / NRKFluorfritt for kongen
13. mars går Kong Haralds Ungdomsstafett i Holmenkollen. Rennet har vore arrangert 19 gonger tidlegare, men i år har dei ei nyvinning.
STANDPUNKT: – Med dette tar vi eit standpunkt mot fluor i ungdomsrenn, seier leiar i Oslo skikrins, Espen Utaker, om at dei skal arrangera det første nasjonale ungdomsrennet utan fluor under skia.
Foto: Privat– For første gong vert rennet fluorfritt. Vi har gått ut til skikrinsane og bede folk legge igjen denne smøringa heime. Vi har fått gode tilbakemeldingar, seier leiar i Oslo skikrins, Espen Utaker.
Han og fleire håper skiforbundet vil ta opp dette på sitt årsmøte seinare i år.
– Vi håper alle renn er fluorfrie om kort tid. Fleire har blitt det i år, og det er best for både helsa og lommeboka. Så lenge alle smørjar likt vert det ein konkurranse i løypa og ikkje i smørjeteltet, seier smørjesjef Kvisle.
Ei problemstilling er korleis ein skal kontrollera det.
– Eit forbod hadde vore bra, men eg er usikker på korleis ein kan halde kontroll på det, seier skiløpar Skamo Hope.