Hopp til innhold

Vil ha valdtektskoffert

I staden for valdtektssenter i Sogn og Fjordane.

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Foto: Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen, Johannessen, Sara / Scanpix

I går kom det fram at Sogn og Fjordane er eitt av tre fylke som ikkje har noko valdtektsmottak. I tillegg kom det fram at berre ei av ti valdtekter blir meld til politiet. Berre ein prosent fører til dom.

Utstyr og rettleiing

- Det som er det viktigaste er at offera får hjelp der dei kjem, og at ein veit korleis ein skal behandle dei. Ein må vite korleis ein skal sikre spor. Dette er viktig uansett kor ein henvender seg, seier stortingsrepresentant, Ingrid Heggø, frå Arbeidarpartiet.

Ho føreslår at kommunelegane i fylket bør få sin eigen valdtektskoffert som inneheld utstyr og rettleiing til å handle riktig når ein møter eit valdtektsoffer.

- Viktig å sikre spor

- Vi har snakka om å innføre ein valdtektskoffert der det går klart fram korleis ein skal sikre sport. Dette skal gjerast på spesielle måtar, og vi veit at DNA-spor vert øydelagt i løpet av seks timar. Det er viktig at ein veit kva ein skal gjere og kva hjelp offera skal få, seier ho.

Kofferten skal innehalde både utstyr og rettleiing til å handle riktig når ein møter eit valdtektsoffer.