Vil ha vaksinekrav i alle offentlege barnehagar

– Dette handlar om å verne om dei mest sårbare borna blant oss, seier helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet, Åshild Bruun-Gundersen.

Åshild Bruun-Gundersen

STØTTAR: Åshild Bruun-Gundersen i Framstegspartiet seier det ikkje er diskriminerande å stille krav om vaksinering.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg meiner at barnehagar bør stille krav om vaksine før opptak for å beskytte dei sårbare borna som av medisinske grunnar ikkje kan vaksinere seg eller er for unge til å kunne vaksinere seg, seier Åshild Bruun-Gundersen.

Historia om fem år gamle Malene frå Førde som kan døy dersom andre born ikkje vaksinerer seg har rørt mange. Så langt ynskjer likevel ikkje politikarane og fagfolka eit ålment krav, men Bruun-Gundersen meiner det ikkje er noko i vegen for at offentlege barnehagar kan stille eit slikt krav før opptak.

– Eg har sjekka med diskrimineringsombodet og det fullt lovleg å stille eit slikt krav. Då tykkjer eg absolutt at barnehagane også skal gjere det.

Malene.

UROA: Det som er vanlege virus for andre barn kan få fatale følgjer for Malene.

Foto: Seline Larsen / NRK

Mange droppar vaksine

Tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) i 2018 syner at om lag fire prosent av born i Noreg under to år ikkje har vorte vaksinerte. FHI meiner dette er gode tal, men vil likevel at alle born skal vaksinerast.

– Malene har ei diagnoseliste lang som eit vondt år. Ikkje alt kan gjerast noko med, men det vil vere til stor hjelp dersom andre vaksinerer borna sine, seier Marianne Solhaug.

Ho er smerteleg klar over at vanlege barnesjukdommar kan vere dødelege for dottera Malene som lid av immunitetssvikt.

– I Noreg er jo vaksine gratis også. Difor tykkjer vi det er uansvarleg av dei som vel å ikkje gjere det. Det er rett og slett galskap.

Nokre har krav i dag

– Det er allereie i dag barnehagar som stiller vaksinasjonskrav, særleg der foreldra er oppriktig uroa, seier Bruun-Gundersen.

Ho seier barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, også for dei borna som treng eit miljø der dei ikkje vert utsette for smittsame sjukdommar.

– Eg vil oppmode alle offentlege barnehagar om å stille krav om vaksinasjon. Dette handlar om å verne om dei mest sårbare borna blant oss, seier Bruun-Gundersen.

– Men kva vil du seie til dei som i dag er redde for å vaksinere borna sine, og som ikkje kjem til å vaksinere sjølv om det skulle kome eit krav i barnehagen?

– Eg har ingen respekt for vaksinemotstandarar. Dei bidreg til å halde liv i sjukdomar som kunne vore utrydda. Vi ser no ein meslingepidemi rundt om i verda som definitivt går ut over borna. Eg skjønar ikkje at ein ikkje ynskjer å verne borna sine mot dette, seier Bruun-Gundersen.